Møte i pensjonistlaga

Ny kommuneplan har stått på agendaen til dei fire pensjonistlaga denne våren. Mange gode innspel har kome på bordet og gitt oss eit klart bilete av kva dei eldre innbyggarane verdset og kva dei ønsker for framtida.

Oversiktsbilde Tresfjord pensjonistlag - Klikk for stort bileteTresfjord pensjonistlag la mange gode innspel på bordet. Vestnes kommune

Vestnes kommune sine styrkar

Kommunen sin sentrale geografiske plassering blei sett på som ein stor styrke for kommunen. Innbyggarane set også pris på vårt rike kulturliv og den vakre naturen med mange turmoglegheiter. Kommunen har óg eit livleg sentrum med eit variert og godt handelstilbod. Andre positive trekk inkluderer solid eldreomsorg, gode helsetenester og eit variert næringsliv.

Ønsker for framtida

For framtida ønsker innbyggarane livskraftige bygder med god alderssamansetning og tilrettelegging for både unge og eldre gjennom etablering av bufellesskap, omsorgsbustader og andre alternative buformer. Betydninga av å styrke kulturlivet gjennom kulturhus og sosiale møteplassar blei understreka. Det er eit ønske om å forbetre folkehelsa gjennom fleire tilrettelagde turvegar.

Vidare er det ønske om etablering av ein ny felles ungdomsskule på Helland og satsing på fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen. Betre kollektivtilbod og rimelegare bustader er også viktig for å oppretthalde livskraftige bygder. 

God planlegging, langsiktige strategiar, politisk vilje og godt samarbeid vil vere avgjerande for å nå desse måla. 

Dei aller fleste peiker på dårleg kommuneøkonomi som den største utfordringa vi har. Mangel på arbeidskraft og kompetanse, for mykje byråkrati og mangel på støtte frå sentrale myndigheiter kan óg vere hinder for vidare utvikling.

Samla sett ønsker pensjonistlaga våre ein kommune som er attraktiv for tilflytting, med ein sterk økonomi, gode helsetenester og eit blomande kulturliv. Det er stor semje om viktigheita av å støtte ungdommen, styrke næringslivet og å prioritere skular og barnehagar.

Her kan du lese alle innspela frå dei ulike pensjonistlaga:

Tomrefjord pensjonistlag (PDF, 134 kB)
Vågstranda og Vike pensjonistlag (PDF, 152 kB)
Vestnes pensjonistlag (PDF, 148 kB)
Tresfjord pensjonistlag (PDF, 136 kB)