Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Frivilligforum

Vestnes frivillig sentralOnsdag 3. februar kl. 19:00 er alle frivillige lag og organisasjonar i Vestnes kommune invitert til ”frivilligforum” på kommunestyresalen.
Frivilligsentralen har sendt ut invitasjonar til alle lag og organisasjonar som ein kjenner til i kommunen – men skulle det finnast nokon som ikkje har fått denne invitasjonen, ber vi dei ta kontakt med Frivilligsentralen!

Tema på møtet blir oppdatering av laga på kommunen sine heimesider, registrering av aktivitetar på dei same sidene, om registrering i Brønnøysundregisteret, fylket sine støtteordningar til frivilligheten samt planlegge eventuell ”Frivillighetsdag” til hausten.
Det er opp til dei frivillige laga om det skal opprettaste eit fast forum – med eit årleg møte.
Formålet med dette forumet er å styrkje det frivillige lagsarbeidet gjennom å skape ein møteplass for samtalar og samhandling på tvers av særinteressene. ’slik samhandling vil vere styrkande både for kommunal, frivillig og privat sektor.

Møtet blir utvida med at representrantar for asylmottaket i Vestnes informerer om etableringa av det statlege asylmottaket i kommunen som etter plana skal vere i drift frå 15. februar.











Info 
Reidun Bjølverud 25.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger