Tilbod - konkurranse med forhandling
Opprusting av Kjøpmannsgata og VA-nett i Helland sentrum. Vestnes kommune ønskjer tilbod på opprusting av Kjøpmannsgata og VA-nett i Helland sentrum.
Tilbodsform: Arbeidet er lyst ut som konkurranse med forhandling, i samsvar med ”Lov og forskrift om offentlege anskaffingar av 1997 del II ” med seinare endringar.
Utlysinga står i Doffinregisteret. Tilbodet skal vere på norsk.
Oversikt over arbeidet: Opprusting av om lag 2400m2 gate. I dette inngår det også utskifting av om lag 300 m med spillvassleidning, overvassleidning og vassleidning med tilhøyrande kummar samt noko kabeltrekkerøyr. Arbeidet inneber graving av grøfter opp til om lag 3 m djupne og legging av leidningar opp til Ø 630mm. UK spillvassleidning ligg på det lågaste på om lag kote – 1,1m
Delar av arbeidet i Kjøpmannsgata må vere ferdig innan 1. april 2010.
Tilbodsdokumenta er under utarbeiding og vil bli utlevert til aktuelle tilbydarar så snart dei er ferdige. Skriftleg påmelding med prosjektnamn, vedlagt firmaattest, HMS-erklæring, MVA. og skatteattest innan tysdag 2. februar 2010 til:
Vestnes kommune Kommunehuset 6390 Vestnes
v/Arve Rekdal Tlf 71 18 40 65 / 974 84819 Fax 71 18 40 01 E-postadresse: arve.rekdal@vestnes.kommune.no
Det vert gjeve ein generell fristforlenging med tanke på skatteattestar til 10. februar 2010. Påmelding skal ikkje skje gjennom Doffinregisteret.
Synfaring med oppmøte på kommunehuset fredag 5 februar kl 11.00 Tilbodsfristen er sett til tirsdag 16. februar kl 13.00
|
|
|
|