Framsida
|
|
|
Gå til hovedinnhold
Trafikknotat for Tresfjordbrua og Vågetunnelen
Notatet tilrår bompengefritak rundt Tresfjorden for lokalbefolkninga som bur der. For lokalbefolkninga i Hjelvika og på Vågstranda blir det tilrådd gratis passering gjennom Vågstrandstunnelen.
Alt dette i samsvar med vedtaka i Vestnes og Rauma kommunar og i Fylkestinget i Møre og Romsdal.
Trafikknotatet på 37 sider, utarbeidd av Statens Vegvesen Region Midt, er ei omfattande kvalitetssikring av fellesprosjektet som bompengeprosjekt.
Trafikknotatet ligg no til vurdering i Vegdirektoratet, og Eksportvegen AS håper at bompengesøknaden som vert fremja som ein Stortingsproposisjon, kan verte realitetsbehandla før Stortinget tek sommarferie.
8. Konklusjon og tilråding Dei berekningane og vurderingane som er gjort for å kome fram til venta trafikk over prosjekta Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, viser at det bør vere same bompengesatsen anten ein kjører over Tresfjordbrua eller kjører på dagens veg rundt Tresfjorden.
Med dei føresetnadene som er lagt til grunn, bør det vere godt mogleg å finansiere fellesprosjektet Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen med 50 % bompengefinansiering og med nedbetaling av bompengelåna over 15 år. For å greie dette må ein truleg ha ein bompengesats for lette bilar på 65 kr over Tresfjordbrua og rundt Tresfjorden og 50 kr i Vågstrandstunnelen, mens tunge bilar betalar det tredobbelte, 195 kr og 150 kr.
Endeleg avgjerd om bompengesatsar vil sjølvsagt ikkje kunne takast før ein nærmar seg iverksetting av bompengeinnkrevjinga. Då har ein god oversikt over byggjekostnadene og ein har betre oversikt enn no over venta utvikling når det gjeld renter.
I desse berekningane er det lagt til grunn ei fritaksordning når det gjeld bompengar for innbyggarane på Vågstranda og i Hjelvika i Rauma kommune ved kjøring gjennom Vågstrandstunnelen. Det er heller ikkje rekna med bompengar frå lokaltrafikken rundt Tresfjorden. Men desse forslaga må det arbeidast meir med.
Berekningane våre viser at fellesprosjektet Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen er relativt robust når det gjeld å finansiere 50 % av ein anleggskostnad på om lag 1,1 mrd. 2010-kr. Føresetnaden er at det er same bompengetakst rundt Tresfjorden som over Tresfjordbrua. Også høgre kostnad kan finansierast, men då må truleg innkrevjing av bompengar bli meir omfattande enn vi har lagt til grunn i hovudalternativet i finansieringsanalysen, slik som nemnd ovanfor.
Etter vår meining bør ein no ha tilfredsstillande grunnlag for å utarbeide ein stortingsproposisjon om fellesprosjektet Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen på E136 i kommunane Rauma og Vestnes i Møre og Romsdal.
Heile trafikknotatet for Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen
|
|
|
|
|
|