Framsida
|
|
|
Gå til hovedinnhold
Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune - frivilligplan
Møre og Romsdal først med frivilligplan. Møre og Romsdal har som første fylke i landet utarbeidd eigen Frivilligplan. – Vi ønskjer å skape Noregs mest offensive frivilligpolitikk saman med kommunal sektor, seier Synnøve Valle, som har leia prosjektet ’Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga’.
Ho vonar frivilligplanen kan inspirere og vere eit verkty for kommunane til å utarbeide eigne frivilligplanar: - Det er mykje offentleg og frivillig sektor kan samarbeide nærare om, til beste for innbyggjarane. Vi har ønskt å inspirere kommunane til å ha ei endå meir aktiv haldning til frivillig sektor. Dette kan gje viktige ringverknader.
Sentrale tiltak I den fylkeskommunale frivilligplanen er det laga ei liste over sentrale tiltak fram mot 2012, t.d.; å gje støtte til kurs og kompetanseheving av allmenn interesse for frivillige organisasjonar; gjennomgå ordningar og praksis knytt til tilskott; motivere og hjelpe kommunane med frivilligplanar; samarbeide aktivt med frivilligsentralane; stimulere til partnarskap med næringslivet, opprette to pilotprosjekt der offentleg og frivillig sektor samarbeider om konkrete oppgåver.
Aktivitet i kommunane Som eit resultat av frivillig-satsinga i Møre og Romsdal er tre kommunenettverk i aktivitet knytt til KS sitt program Livskraftige kommunar.
I tillegg er det etablert eit Frivillignettverk, som består av seks kommunar, og viktige tema i dette nettverket har vore metodar i utviklingsarbeid, frivilligplanar og frivillig arbeid og folkehelse. To kommunar har i løpet av perioden vedteke eigne frivilligmeldingar (Ålesund og Fræna) og tre har starta arbeidet med ein slik plan (Surnadal, Halsa, Kristiansund).
Det er òg to klimanettverk, og ei viktig oppgåve for desse er utarbeiding av lokale energi- og klimaplanar.
Det blir elles gjennomført Frivilligforum, der frivillig sektor på fylkesnivå, KS og Møre og Romsdal fylke møtest.
Politisk arbeidsdokument Frivilligplanen for Møre og Romsdal vart vedteken av kulturutvalet i februar, og gjeld no som politisk arbeidsdokument for frivillig-satsinga på fylkesnivå.
NB: Les heile frivilligplanen samt rapport frå prosjektet på www.mrfylke.no
|
|
|
|
|
|