Barnehagedagen 16.mars
Barnehagedagen 2010 blir arrangert tysdag 16. mars. Med slagordet ”kom inn og sjå!” opnar barnehagar over heile landet dørene for ein titt inn i det yrande kvardagslivet.
Denne dagen skal vi vise fram det fine og positive kvardagslivet i barnehagen. Barnehagedagen skal gje grunnlag for økt forståing for det viktige arbeidet som gjerast i barnehagen.
Alle barn har no rett til barnehageplass. Ei omfattande barnehageutbygging har ført til at dei fleste som ynskjer det, har eit barnehagetilbod. Difor har regjeringa varsla at no skal det satsast vidare på kvalitet. Dette er ein påskjønning av kvaliteten i barnehagane. Undersøkingar syner at barnehagen er den kommunale tenesta innbyggarane er mest nøgde med.
Desse barnehagane opnar dørene 16. mars, mellom kl. 10 – 14: Helland barnehage, Fiksdal barnehage, Tresfjord barnehage, Gardstunet barnehage.