Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

BOKsommar 2010

BOKsommar 2010Lesekonkurransen BOKsommar 2010 er no godt i gang, og nærare 80 barn deltek. Konkurransen vert arrangert av Vestnes folkebibliotek i samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek, og alle born frå 1.-7. klasse kan vere med og kjempe om flotte premiar.
Alle som deltek i Vestnes kommune er med i trekninga av eit gratis klippekort på bowling frå Tomra bowling. Som ekstrapremiar har vi fått fem pølsepenalhus i skinn med innhald frå Ark bokhandel på Vestnes.
Dei som les ti bøker eller fleire er saman med born frå heile fylket med i trekninga av ein iPod, tre Devold T-skjorter og tre boksjekkar, sponsa av Fylkesbiblioteket.

Sjølv om påmeldingsfristen eigentleg er ute, er det framleis mogleg å melde seg på. Dette kan ein gjere ved å møte opp i Biblioteket og ta med påmeldingsarket alle elevar har fått på skulen. De kan og ta kontakt på telefon (71184084) eller e-post (biblioteket@vestnes.kommune.no).

Biblioteket ønskjer alle ein riktig god BOKsommar!







Info 
Vigdis Kjørvik Ødegård 25.06.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger