Alle nye byggjesøknadar skal sendast inn i samsvar til ny Forskrift om byggesak (SAK10).
Lenke til dei enkelte sakstypene:
Andre nyttige lenker:
Søknadsskjema
Vi anbefaler alle å nytte ByggSøk-bygning, som er oppdatert i forhold til dei nye reglane. Nye blankettar er ikkje på plass enda,
men kjem snart under overskrifta "Annet" på denne siden.
Vi aksepterar at dagens blankettar blir nytta inntil nye foreligg.
Nokre viktige endringar i forhold til søknad etter pbl § 20-1:
- Gjennomføringsplan skal vedleggast, sjå eksempel frå fylkesmannen i Østfold. Eks. gjennomføringsplan
- Kontrollerklæringar og samsvarserklæringar skal ikkje vedleggast.
- Det skal ikkje søkjast om ansvarsrett for eigenkontroll, kun om uavhengig kontroll der dette er aktuelt (reglane om uavhengig obligatorisk kontroll trer først i kraft 1. juli 2011).
Det skal fortsatt søkjast om ansvarsrett for funksjonane som søkjar, prosjekterande og utførande. - Tiltakshaver vel sjølv om han vil bruke reglane i teknisk forskrift (TEK) eller reglane byggteknisk forskrift (TEK10) fram til 1. juli 2011. Dette skal framgå av søknaden.
- Våtrom er søknadspliktig etter pbl § 20-1, og krev bruk av ansvarleg foretak. Dette gjeld også for våtrom i tiltak som for øvrig blir behandla etter pbl § 20-2
(f. eks. i eit tilbygg der verken samla bruksareal eller bebygd areal er over 50 m2). Våtrom i alminnelege driftsbygningar i landbruket er unnateke.