Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Invitasjon til frivilligheita i Vestnes kommune

ordsky frivillighetOm ein er ny i Vestnes kommune kan deltaking i frivilligheit og organisasjonar vere ein god måte å bli kjent på, få vener, og vere engasjert og slik også trives i Vestnes kommune. Kommunen er no i gong med eit prosjekt om integrering, og invitera frivilligheita til innspelsmøte måndag 27.mars.

Gjennom prosjektet God integrering – ei bærekraftig samfunnsutvikling i Vestnes kommune, ønskjer ein mellom anna å få svar på korleis ein vert tatt i mot når ein kjem ny til Vestnes kommune? Og korleis kan kommunen, frivilligheit og kulturliv jobbe best for å bidra til god integrering og trivsel? Prosjektet er muleggjort gjennom midla frå fylket.

Frivilligheita i Vestnes er sentral
Ein god måte å bli kjent og involvert på er gjennom kulturlivet og frivilligheita. Kultur og frivilligheit står sentralt i det norske samfunnet, og fungerer som eit sosialt lim som bidreg til å styrke samhaldet mellom folk og tettleiken av sosiale nettverk. Og gjennom deltaking vil ein også få innsikt i korleis det norske samfunnet fungera.

Vi vil derfor gjerne høyre kva tankar de som er i organisasjonane og anna frivillig arbeid har, slik at vi kan få til gode samarbeid for god integrering: Er det lett å bli med i den organisasjonen du er med i? Finnes det hinder for deltaking? Når ein ut med informasjon? Er det noko organisasjonen treng støtte til som vil gjere det enklare å inkludere fleire/nå fleire? Er det aktivitetar ein har lyst å gjere for å inkludere fleire, men ser ikkje heilt korleis ein skal få det til?

Kvifor er dette tema viktig i Vestnes kommune?
Vestnes er ei internasjonal kommune med 67 ulike nasjonalitetar representert. Dette mellom anna fordi Vestnes kommune har jamt ei relativt høg arbeidsinnvandring, kommunen busett flyktningar, andre har komme til Vestnes pga. familiegjenforening eller av andre årsaker. Utgangspunktet for prosjektet er at alle nye innbyggjarar alltid må sjåast som ein ressurs, for kommunen, næringslivet og samfunnet som heile.

Kommunen treng at folk blir
Dei to siste åra har det vore ein nedgang i folketalet i kommunen, noko av dette skuldast nedlegging av Vestnes statlege mottak, men utover dette syner tala likevel at kommunen sitt folketal stagnerer/ har svak vekst.

Vestnes kommune treng at folk som har flytta til Vestnes blir, og at fleire av dei som flyttar ut kjem tilbake. Ei god samfunnsutvikling er avhengig av befolkningsauke, og for å sikre det må alle innbyggjarar i kommunen trives, kjenne tilknyting til sitt lokalsamfunn og ha mulegheita til å delta i det.

Dialog og innspel
Forskarane frå KUN skal samle informasjon breitt, det blir gjennomført intervju av innvandrar med ulike bakgrunn, tilsette i kommunen, og representantar frå næringslivet og frå lag og organisasjonar. Forskarar skal ut i frå dette lage ein kunnskapsrapport om situasjonen i kommunen, rapporten skal også gje konkrete forslag til tiltak. Den skal sjå på korleis Biblioteket, Kulturskulen og Frivilligsentralen best mogleg kan samarbeide og jobbe heilskapleg med integrering seg imellom og i samarbeid med lag og organisasjonar, kulturlivet, næringsliv og kommunen elles.

Vi invitera representantar frå alle lag og organisasjonar i kommunen til å delta på eit møte med forskarane måndag 27.mars kl. 18.00-20.00, på Frivilligsentralen.

Det er avgjerande for det vidare arbeidet med inkludering i kommunen at vi får tak på informasjon og kunnskap om kva som er moglegheitene, og hinder for deltaking i våre lokalsamfunn.

Påmelding sendast dagleg leiar på Frivilligsentralen, Karianne Bergset Austnes på e-post eller telefon: 97 48 44 78.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

Vel møtt!



Info 
Sist endret 24.03.2017 Karianne Bergset Austnes
Opprettet 10.03.2017 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del