Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Invitasjon til møte om skogbruksplanlegging i Vestnes

SkogkulturSkogeigarane i Vestnes vert med dette invitert til informasjonsmøte om skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i skog (MiS).
Vi viser elles til tidlegare utsendt informasjonsskriv om skogbruksplanner med miljøregistreringar i skog (MiS).

Før ein kan avgjere om det blir gjennomført skogbruksplanlegging i Vestnes, må ein gjennomføre ei førehandskartlegging av interessa for å bestille skogbruksplaner.

I dei komande møta vil det mellom anna verte informert om kva ein skogbruksplan med miljøregistreringar er, nytteverdien av ein skogbruksplan og forventa kostnader og tilskot. Det vil bli opna for spørsmål frå skogeigarane.

Under møta vil vi be om at skogeigarane melder frå om dei er interesserte i å bestille skogbruksplan for eigedomen sin. Interesse for å bestille skogbruksplan kan også meldast direkte til landbrukskontoret i kommunen.

Det er planlagt 6 møte rundt om i kommunen. Skogeigarane vel sjølv kva for eitt av møta dei vil delta på:

  • Måndag 22. mai kl. 20.00: Gjermundnes v.g.s.
  • Tysdag 23. mai kl. 20.00: Kyrkjestova Tresfjord
  • Onsdag 24. mai kl. 20.00: Kommunestyresalen, Vestnes
  • Måndag 29. mai kl. 20.00: Ljosvang
  • Tysdag 30. mai kl. 20.00: Tomrefjord kristne forsamlingshus
  • Onsdag 31. mai kl. 20.00: Kyrkjelydshuset, Fiksdal

Lars-Helge Eidhamar
Leiar i Vestnes Skogeigarlag

Kristian Bergheim
Sekretær for styringsgruppa for skogbruksplanlegging






Info 
Sist endret 18.05.2017 Hilde Rekdal
Opprettet 18.05.2017 Hilde Rekdal
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del