Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Stikk UT!-tur og opning av Vike småbåthamn og Vike Friluftsbad

Gjermundnes kultursti blomsterSøndag 27.august ønskjer frivilligheita på Vike og Frivilligsentralen velkomen til opning av Vike småbåthamn og Vike Friluftsbad, og til guida Stikk UT!-tur: Kulturstien på Gjermundnes. Redningsskøyta kjem – gjer du?


No står eit flott nytt uteområde i kommunen vår klar til bruk. Etter bygging av Tresfjordbrua har det blitt laga til ei flott strand og ei ny småbåthamn på Vike. Frivillige har lagt ned ein stor innsats i å få dette på plass, og no inviterast det til opning. Frivilligsentralen koordinerer fellesturar til alle Stikk UT!-turmåla i kommunen, og denne dagen vert det tur med guide på Gjermundnes kultursti.

Program:

Kl. 13.00: Guida Stikk- UT!-tur for Gjermundnes Kultursti v/ Kristoffer Dahle, arkeolog. Gjermundnesmuseum er ope. Les om Stikk UT-turen her.

Kl.15.00: Offisiell opning av Vike Friluftsbad og Vike småbåthamn v/ Randi Bergundhaugen, vara ordførar

Kl. 15.00: Redningsskøyta er på plass (med atterhald om nødoppdrag)

Det vert mogleg å få sitte på i Redningsskøyta, og teste redningsdrakter i sjøen.

Etter opninga vert det sal av grillmat – gratis pølser til barna!

IL Samhald, Vike helselag, Vike ungdomslag, FAU Vike skule, Vike småbåtforeining og Vike vel vil arrangera ulike kjekke aktivitetar for store og små.

Alle er hjerteleg velkomen!


Lurer du på noko? Ta kontakt med Vestnes Frivilligsentral, telefon 974 84 478.

Info 
Sist endret 11.07.2017 Karianne Bergset Austnes
Opprettet 11.07.2017 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del