Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Ledige utleigebustader i Kråkvika og Åsbygda

Kommunevåpen Vestnes kommuneVestnes kommune har ledig for utleige 2 bustader. Søknadsfrist er 24. august 2017
Den eine har adresse Fagerbakken 8 og ligg i Åsbygda. Leilegheita er nyoppført i 2017 og har eit areal på ca 80 m² og har 3 soverom. Den ligg på bakkeplan med eigen uteplatting og carport. Husleiga er for tida fastsett til kr. 7.200 pr. mnd. Straum, TV og internett kjem i tillegg.

Den andre bustaden har adresse Lyngstien 12B og ligg i Kråkvika (Mobo). Denne vart oppført på 80-talet, har eit areal på 97 m² og har 4 soverom. Bustaden går over 2 etasjar og har uteplatting på bakkeplan. Husleiga er for tida fastsett til kr. 7.300 pr. mnd. inkl. kabel-TV. Straum og internett kjem i tillegg.

Dyrehald og røyking er ikkje tillate i nokon av bustadene. Leige av kommunal bustad er eit tidsavgrensa tilbod og det vert ved begge bustadene tilbydd 3 års leigetid. Ved vurdering av søkjarar vert kommunen sine retningsliner for tildeling av bustad lagt til grunn. Forhold som vil bli vurdert kan mellom anna vere familiesamansetning, noverande bustadtilhøve/bustadmiljø, økonomi, sosiale utfordringar mm. Søkjar må vere fylt 18 år og må på søknadstidspunktet ha lovleg opphald i Noreg. Aktuelle søkjarar kan bli bedt om å levere inn tilleggsdokumentasjon og ein kan bli innkalla til samtale.

Ved søknad kan ein enten nytte kommunens søknadsskjema (som ein finn på våre nettsider under «sjølvbetening-skjema»), eller ein kan få utlevert skjemaet på servicekontoret, tlf. 71184005. Om ein ikkje nytter skjemaet må søkjaren sørge for å få med alle relevante opplysningar.

Begrunna søknad sendast til: Vestnes kommune v/Eigedomsdrift, Rådhuset, 6390 Vestnes. Eventuelle spørsmål kan rettast til bustadkontoret på tlf. 71184063/94146273 (frå veke 32).

Søknadsfrist er 24. august 2017.











Info 
Sist endret 12.07.2017 Hilde Rekdal
Opprettet 12.07.2017 Hilde Rekdal
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del