Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

KURS: Aktivitetesvenn for personer med demens

AktivitetsvennMåndag 25.september og torsdag 28. september er det kurs for alle som har lyst til å bli Aktivitetsvenn eller har lyst til å finne ut om det er noko som passar for ein. Målet er å gje personar med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen.

Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, aktivitetar som begge trives med – dobbel glede! Eksemplar på aktivitetar er å gå tur, trene ilag, gå i teater eller på kino, fiske, måle, eller bare treffast for ein kopp kaffi og ein liten prat. Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få muligheit til å fortsette sine vanlege aktivitetar.

Alle frivillige aktivitetsvennar må delta på eit kurs og vil få rettleiing i rolla som frivillig. Aktivitetsvenn er et samarbeidsprosjekt mellom Vestnes Frivilligsentral, Nasjonalforeningen for folkehelse sitt lokallag på Vike og kommunen. Vi vil saman gjere aktiviteten kjekk og trygg for den frivillige aktivitetsvennen, for personar med demens og deira pårørande.

Nasjonalforeningen for folkehelsen utvikla Aktivitetsvenn med midlar frå TV-aksjonen i 2013.

Kurskveldar for aktivitetsvenner blir:

- Måndag 25.september, kl. 18.00-21.00

- Torsdag 28.september, kl. 18.00-21.00

Er du nyfiken og lyst til å vite meir så er du velkommen til å melde deg på kurs. Det er først etter kurset du bestemmer om du vil vere aktivitetsvenn.

Her kan du lese meir om Aktivitetsvenn for personar med demens.

Ta gjerne kontakt med Vestnes Frivilligsentral for meir informasjon eller for å melde deg på kurs: frivillig@vestnes.kommune.no, 974 84 478.

Info 
Sist endret 20.09.2017 Karianne Bergset Austnes
Opprettet 04.09.2017 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del