Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Lokal kulturarv - innbyggarinvolvering i 2017

Kommunevåpen Vestnes kommuneDEN LOKALE KULTURARVEN MÅ LØFTAST FRAM OG TAKAST VARE PÅ! Sei frå om du kjenner du til, eller eig, kulturminne, kulturmiljø eller anna, lokal kulturarv som fortener merksemd.


Gravrøyser, fornminne, kyrkjebygg og kyrkjegardar, er medtekne som nasjonalt viktige objekt i fylket sin vedtekne kulturminneplan. I den planen er også Vestnes prestegard (våningshus og hage), vedtaksfreda som kulturmiljø av NASJONAL verdi . Den Trondhjemske Postvegen gjennom kommunen har også nasjonal verneverdi i planen. Her inkluderer ein både «Krohg alleen» og kulturmiljøet rundt Vestnesstraumen med Gamlebrua, Knipa, Kyrkjealleen og dei to andre bruene i området. Den første fastskulen i kommunen (Frivilligsentralen med hus, hage og løe) og båtbyggarhistoria vår, representert ved «Båtbyggarmonumentet» i kommunesenteret, er planomtala som kulturarv av REGIONAL verdi. Skysstasjonsverksemda på Ellingsgarden i Skorgedalen, dei to steinkvelvbruene i Skorgen og ei steinkvelvbru i Fiksdal, er planmedtekne som samferdselsminne av regional verneverdi. Det same gjeld landbrukseigedomen «Gjermundnes» inkludert frørenseriet der, samt tettstaden Syltebakken i Tresfjord og krigsminnelokalitetane på Nerås og Rekdal. Denne kulturarvlista må sjølvsagt supplerast sett i eit lokalt perspektiv.

På oppdrag frå kommunestyret og med tilskotsmidlar frå Riksantikvaren, samarbeider kommuneadministrasjonen og Vestnes Sogelag med ein planskrivar om utarbeiding av eit plangrunnlag for den LOKALE kulturarven i Vestnes kommune. Kanskje bør noko av det ein då får fram lokalt, også få regional eller nasjonal verdi? Plangrunnlaget blir utarbeidd med tanke på politisk planbehandling i 2018 der ein handlingsdel skal vedtakast. Når arbeidsgruppa vender seg til innbyggarane og bygdelaga for å få planinnspel, tenker ein ikkje berre på særmerkte bygningar og fysiske kulturminne som kan listast opp, sjølv om det også er venteleg. Uansett: Nytt høvet til å seie frå, om du kjenner til, eller eig, eit verneverdige våningshus, løe, eldhus, naust, gardssmie eller anna industrielt kulturminne. Som du meiner er ønskjeleg å få verneverdivurdert. Døme på anna kulturarv kan vere steingardar, seterstølar, husmannsplassar, utmarksbruk eller tidligare næringsverksemd. Eller interessante, eldre stadnamn? Eller kanskje ei lokal segn, ei lokal regle eller ein songtekst som bør reknast med, når kulturarven vår skal gjerast opp? Ta med grunnleggande opplysningar når du sender planinnspel.

Ei nedsett arbeidsgruppe inviterer no innbyggarane til å sende grunngjevne innspel. Til
postmottak@vestnes.kommune.no innan 01.01. 2018, merka med «Lokal kulturarv 2018.» Spørsmål kan rettast til kontaktpersonane: Mary Ellingseter Skram (98452547), Einar Baltzersen (90836617), Jarle Leidulf Løvik (97584000), Bernt Gjelsten(97186058), Odd Jarle Talberg (90187148).

For arbeidsgruppa: Vestnes kommune / Vestnes Sogelag









Info 
Sist endret 23.11.2017 Hilde Rekdal
Opprettet 21.11.2017 Odd Jarle Talberg
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Anna informasjon 
Tips / del