Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Sal av nye bustadtomter i Sylteråket aust i Tresfjord

Hus illustrasjonI medhald av vedtak i Formannskapet 06.11.2017 vert det no lagt ut for sal 6 bustadtomter i bustadfeltet «Sylteråket aust» i Tresfjord. Tomtene er på mellom (ca) 950 og 1300 m2



Kart over tomtene finn du her. Reguleringsføresegnene for feltet vart godkjend så tidleg som i 1982, men vert altså realisert først no.

Ved sal av tomtene gjeld kommunens tildelingsreglar for bustadtomter, vedtatt 18.02.2010. Det er viktig at interessentar gjer seg kjent med desse reglane før ein søkjer om tomt. Reglane inneber mellom anna at interessentar må sende inn søknad på aktuelle(e) tomt(er) innan fristen som er oppgitt nedanfor. Søknadsskjema ligg her.

Pris på tomtene er i medhald av formannskapsvedtaket fastsett til kr. 195.000 pr. tomt (uavhengig av storleik). I vedlagte kjøpekontrakt ser ein kva kostnader som er inkludert i totalprisen. Tilknytingsavgift for vatn og elektrisk energi og evt. breiband kjem i tillegg.

Ved spørsmål ta kontakt med bustad- og eigedomskontoret på tlf. 71184063/94146273 eller på e-post; oystein.hole@vestnes.kommune.no.

Søknaden sendast til Vestnes kommune v/bustad- og eigedomskontoret, Rådhuset, 6390 Vestnes eller på e-post til postmottak@vestnes.kommune.no.

Søknadsfrist: 28.02.2018.







Info 
Sist endret 10.01.2018 Mona-Kristin Lungård
Opprettet 10.01.2018 Mona-Kristin Lungård
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del