Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Nytt Aktivitetsvenn-kurs

Aktivitetsvenn fisketurTorsdag 19.april er det klart for nytt kurs for alle som har lyst til å bli Aktivitetsvenn, eller som berre vil finne meir ut av kva det er. Som aktivitetsvenn er du med å gje personar med demens fleire gode dagar og gode opplevingar.
Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, aktivitetar som begge trives med – dobbel glede! Eksemplar på aktivitetar er å gå tur, trene ilag, gå i teater eller på kino, fiske, hagearbeid, eller bare treffast for ein kopp kaffi og ein liten prat. Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få muligheit til å fortsette sine vanlege aktivitetar.

I Vestnes har det blitt gjennomført eit kurs - erfaringane frå både den frivillige og personen med demens er gode. Tilbakemeldingane vi har fått er at det kjennes meiningsfullt, gir meistringsglede, det er kjekt, trivelig og sosialt.

Alle frivillige aktivitetsvennar må delta på eit kurs og vil få rettleiing i rolla som frivillig. Kurset gir mellom anna ei innføring i sjukdomen demens, dei ulike formene for demens og rettleiing i korleis kommunisere med ein person med demens.

Aktivitetsvenn er et samarbeidsprosjekt mellom Vestnes Frivilligsentral, Nasjonalforeningen for folkehelse sitt lokallag på Vike (helselaget) og kommunen. Vi vil saman gjere aktiviteten kjekk og trygg for den frivillige aktivitetsvennen, for personar med demens og deira pårørande.

Nasjonalforeningen for folkehelsen utvikla Aktivitetsvenn med midlar frå TV-aksjonen i 2013. Kurset vert torsdag 19.april kl. 18.00-21.00 på Vestnes Frivilligsentral. Er du nyfiken og lyst til å vite meir så er du velkommen til å melde deg på kurs. Det er først etter kurset du bestemmer om du vil vere aktivitetsvenn. Her kan du lese meir om Aktivitetsvenn for personar med demens.


Ta gjerne kontakt med Vestnes Frivilligsentral for meir informasjon eller for å melde deg på kurs:
frivillig@vestnes.kommune.no, 974 84 478. Påmeldingsfrist er 17.april.


Velkommen!



Info 
Sist endret 13.04.2018 Karianne Bergset Austnes
Opprettet 06.04.2018 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del