Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Nye næringstomter i Misfjordskogen Vest til sals

Kommunevåpen Vestnes kommune

I medhald av vedtak i Kommunestyret 16.11.2017 (fastsetjing av pris) og 22.03.2018 (tildelingsreglar for kommunale næringstomter) vert det no lagt ut for sal 8 næringstomter i feltet Misfjordskogen Vest. Tomtene vert på mellom (ca) 2,3 og 7,9 dekar.





Kart over planlagd tomteinndeling finn du her (justeringar kan førekome). Reguleringsføresegnene for feltet vart godkjend i 2016 og det er eit vilkår at interessentar set seg inn i desse føresegnene. Feltet er under utbygging no og er planlagd ferdigstilt mot slutten av 2018.

Ved sal av tomtene gjeld kommunens tildelingsreglar for næringstomter, vedteke 22.03.2018. Det er viktig at ein gjer seg kjent med desse reglane før ein søkjer om tomt. Reglane inneber mellom anna at tomta må byggast på innan 3 år. Som hovudregel er det berre firma/registrerte føretak som kan søkje om tomt. Interessentar må sende inn søknad på aktuell tomt innan fristen som er oppgitt nedanfor. Ved søknad om tomt skal det nyttast eige søknadsskjema som du finn her. Pris på tomtene er fastsett til kr. 250 pr. m². Omkostningar kjem i tillegg. Tilknytingsavgift for vatn og elektrisk energi og evt. breiband kjem og i tillegg. Ved sal av tomtene vert vedlagte kjøpekontrakt nytta.

Ved spørsmål ta kontakt med bustad- og eigedomskontoret på tlf. 71184063/94146273 eller på e-post; oystein.hole@vestnes.kommune.no

Søknaden sendast til:

Vestnes kommune v/bustad- og eigedomskontoret,
Rådhuset,
6390 Vestnes


eller på e-post til postmottak@vestnes.kommune.no

Søknadsfrist: 31.05.2018




Info 
Sist endret 09.04.2018 Mona-Kristin Lungård
Opprettet 09.04.2018 Mona-Kristin Lungård
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del