Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Gåturar for alle - våren 2018

Vestnes frivillig sentralTorsdag 26. april startar vårsesongen til Vestnes Frivilligsentral sine gåturar til ulike stader i kommunen.

Torsdag er turdag og vi fyller opp bilane frå dei to startstadane: Sjøbua på Helland og Joker i Tomrefjord. Turane går til flotte turmål i heile kommunen vår og litt til.

Vårens første tur, torsdag 26.april, går frå Kråkvika Friluftsområde, parkering og oppmøte ved Vestnes Frivilligsentral kl. 17.00. For dei som kjem frå Tomrefjord-sida er det oppmøte kl. 16.45 ved Joker i Tomrefjord. Dei som ikkje har bil får sitte på med nokon som har (30 kr betalast sjåføren). Vi oppmodar dei som har bil til å stille med den.

Turmåla fram til sommaren er: Kråkvika, Gjermundnes Kultursti, Trollrunden i Fiksdal, Søråsvatnet, Gjelstensetra, Jutevatnet og Faksen. Kvar tur vert annonsert i kulturkalenderen i avisa, og meir utfyllande i kulturkalenderen til Vestnes kommune. På Frivilligsentralen sine sider finn du også ei fullstendig turoversikt.

Turane er sosiale og trivelege. Turane er lagt opp slik at mange skal kunne delta, og gå etter evne. Det vert sosialt samvær ved turmålet– ta gjerne med niste og drikke. Passar alle aldrar!


Alle er velkomen til kjekke turar i triveleg lag - god tur!


Har du spørsmål ta kontakt med Vestnes Frivilligsentral,
frivillig@vestnes.kommune.no, telefon: 974 84 478.



Gåtur for alle, stikk ut, tresfjordfjell og folk

Info 
Sist endret 27.04.2018 Hilde Rekdal
Opprettet 10.04.2018 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del