Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Årets Ros 2018

ROS diplomRådet for Funksjonshemma i Vestnes kommune skal dele ut prisen Årets Ros 2018 og ønskjer forslag på priskandidatar.

Forslagsfrist 31. mai



Årets Ros er ein pris som kan tildelast enkeltpersonar, organisasjonar, bedrifter eller offentlige instansar som har vist fokus på universell utforming i praksis, og at dette er nødvendig og nyttig. Universell utforming kan være knytt til bygningsutforming, utforming av uteområde eller knytt til gjennomføring av arrangement.


Prisen vart delt ut første gang den 28.08.2012, då til fire mottakarar:
- Roald Fiksdal på vegne av Vestnes Handesstandforening
- Bergfinn Ødegård på vegne av Kulturhuset Idahall
- Øyvind Rypdal på vegne av Tresfjord Lyd & Lys
- Hans Van De Goor på vegne av Rullestol Fiske og Feriesenter på Rekdal


Rådet for funksjonshemma vedtok i sitt møte den 14.09.2016 at dei ville revitalisere prisen og dele ut prisen hausten 2017.
Prisen gjekk då til Kråkvikas venner for arbeidet dei har gjort langs stien i Flatevågen.


Forslag skal være skriftlege og med grunngjeving.


Forslag skal sendast til:
Vestnes kommune
Rådhuset
6390 Vestnes
eller på e-post til
postmottak@vestnes.kommune.no


Frist for innsending er 31. mai 2018

















Info 
Sist endret 02.05.2018 Silje Beate Sylte
Opprettet 02.05.2018 Silje Beate Sylte
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Anna informasjon 
Tips / del