Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Årets arkivar Møre og Romsdal 2018

Ellen - årets arkivar IKA Møre og Romsdal 2018På Kontaktkonferansen til Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal 29. mai vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for andre gong. Ellen Eiknes Forland, arkivleiar i Vestnes kommune, vart tildelt prisen «Årets arkivar 2018 Møre og Romsdal».
Mange arkivmedarbeidarar hadde vore verdige mottakarar av prisen, men Ellen Eiknes Forland utmerka seg. I nominasjonen vert det trekt fram at ho er dyktig fagleg sett, og ho er også flink til å dele kunnskapen sin med andre. Ellen har god systemforståing. Ho greier difor å sjå lovverk, praktiske sider av faget og den elektroniske utviklinga i samanheng.

Utmerkinga består av ein diplom og ei skål laga av glasblåsar Ingrid Cecilie Ulla ved Ingrids Glassverksted.

Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal er eit eige selskap (IKS) som vart starta i april 2000. IKA Møre og Romsdal er eigd av fylkeskommunen og alle kommunane i fylket. Selskapet held til i Ålesund og har for tida 21 tilsette. IKA Møre og Romsdal arbeider med problemstillingar knytt til kommunane si arkiv- og dokumenthandtering.

IKAMR vil kvart år framover peike ut ein vinnar av prisen Årets arkivar.






Info 
Sist endret 31.05.2018 Hilde Rekdal
Opprettet 31.05.2018 Hilde Rekdal
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del