Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Høyring angåande endring av skulekrinsar/skulestruktur

Kommunevåpen Vestnes kommuneAdministrasjonssjefen viser til pkt 3 i vedtaket frå kommunestyret 21.06.2018, sak 42/2018 - tilstandsrapporten for grunnskulen i Vestnes 2017. Det skal gjennomførast ei høyring om "Elevane i Tresfjord vert overtført til Helland skule frå 1. januar 2019". Les meir om saka her.
Pkt. 3 i vedtaket frå kommunestyret var som følgjer:

«Kommunestyret viser til skriv frå administrasjonssjefen, frå rektorar og frå FAU knytt til vanskar med å rekruttere undervisningspersonell med godkjent utdanning ved Tresfjord oppvekstsenter (skule). Vestnes kommunestyre er uroa over at det difor er krevjande å sikre ei stabil forsvarleg skuledrift ved skulen i Tresfjord. Som ansvarleg skuleeigar finn også kommunestyret å ville sikre eit forsvarleg sosialt miljø for elevane.

Grunna denne situasjonen ber kommunestyret administrasjonssjefen om å gjennomføre ei høyring med høyringsfrist 15.september 2018.

Høyringa sitt innhald:
Elevane i Tresfjord vert overførte til Helland skule frå 1.januar 2019.

Kommunestyret ber skuleutvalet om å framskunde arbeidet sitt og levere si innstilling til
framtidig skulestruktur og realisering av ny felles ungdomsskule innan 31.desember 2018. Det er ein føresetnad at skulebygget i Tresfjord skal nyttast i framtidig struktur».

Dokument i saka:
Høyringsbrev - ang endring av skulekrinsar-skulestruktur
Orientering om situasjonen i grunnskulen i Vestnes kommune
Elevtalsutviklinga
Informasjon til føresette ved Tresfjord oppvekstsenter
Brev frå FAU ved Tresfjord oppvekstsenter angåande skulesituasjonen skuleåret 2018-2019
Svar til FAU ved Tresfjord oppvekstsenter vedkomande skulesituasjonen skuleåret 2018-2019
Uttale til politikarane vedkomande skulesituasjonen - frå FAU ved Tresfjord oppvekstsenter
Situasjonen i skulane i Vestnes - brev frå Utdanningsforbundet Vestnes
Svar til FAU frå rektor ved Tomrefjord skule
Svar frå rektor ved Helland skule

Dette er ei opa høyring slik at det er mogleg for alle som måtte ønskje det å kome med innspel i saka.

Administrasjonssjefen ser likevel desse som dei mest aktuelle høyringsinstansane:

• Foreldreutvalet/Samarbeidsutvalet ved dei aktuelle skulane
• Skulemiljøutvalet
• Elevråd/Ungdomsrådet
• Fagforeiningane til dei tilsette
• Lag og organisasjonar som har interesse i saka

Høyringsfrist er sett til 15. september 2018.

Høyringssvara skal sendast til administrasjonssjefen i Vestnes kommune; gjerne på epost: postmottak@vestnes.kommune.no

eller pr brev til

Vestnes kommune v/administrasjonssjefen
Rådhuset
6390 Vestnes









Info 
Sist endret 09.08.2018 Silje Beate Sylte
Opprettet 09.07.2018 Redaktør Redaktør
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del