Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Husk ferdselsreglane på veg til badestranda

allmannsrettenFleire plassar trakkar badegjestar og solhungrige rett over sårbar innmark i søket etter ei bra badestrand i sommarvarmen. Dette er det ikkje lov. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og politiet minner om gjeldande ferdselsreglar.
Reglar for allemannsretten kan ikkje tolkast som fri ferdsel overalt i naturen. Utmark som skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær kan brukast ganske fritt. På innmark er det fleire restriksjonar, og tilgangen er sterkt avgrensa. Med lite avling fleire stadar er det no viktig å la innmarka få stå så urørt som mogleg.

Alle kan ferdes til fots på privat vei og tydelig anlagt sti, som ligger i innmark på vei til stranda, men det er ikkje tilgang til innmarka mellom 30. april og 14. oktober. Avgrensingane og restriksjonane for innmark gjelder for all dyrka jord som eng og åker, men også kulturbeite og skogplantefelt fram til plantene er 6 -8 meter høye. Innmark omfattar også fleire andre type areal, noko som inneberer at du heller ikkje utan vidare kan gå over til dømes hustomter, hyttetomter, hagar eller parkar, eller inngjerda areal.

Friluftslova gir altså både allemannsrett og allemannsplikt. Pliktene og avgrensingane er der for at vi ikkje skal skade naturen eller naturgrunnlaget. Det er også slik at det som kan vere tillate for ein person eller nokre få saman, kan kome i strid med allemannsretten når mange opptrer samla på ein måte som fører til større ulemper. Friluftslova har endåtil ein såkalla sekkebestemmelse, der også andre type areal kan være innmark etter ei konkret vurdering. Skader eller ulemper for grunneigaren er vesentleg i denne vurderinga.

Vi minner også om at biler ikkje må parkerast slik at driftsvegar vert blokkert, av omsyn til både grunneigar og naudetatar.

Kontaktpersonar:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, direktør landbruksavd. Frank Madsøy 71 25 84 03 / 971 71 493
Møre og Romsdal politidistrikt, politiadvokat Arnt-Erik Oust 70 11 87 00, eventuelt via kommunikasjonsrådgiver Eli Anne Tvergrov 91 305 405.


Sjå også ofte spurte spørsmål frå Miljødirektoratet
Info 
Sist endret 06.08.2018 Reidun Bjølverud
Opprettet 02.08.2018 Reidun Bjølverud
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del