Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Tildeling av Årets Ros 2018

ROS diplomÅrets Ros er ein pris som kan tildelast enkeltpersonar, organisasjonar, bedrifter eller offentlege instansar som har vist fokus på universell utforming i praksis, og at dette er nødvendig og nyttig. Universell utforming kan være knytt til bygningsutforming, utforming av uteområde eller knytt til gjennomføring av arrangement.

Det er Rådet for funksjonshemma i Vestnes kommune som deler ut Årets Ros. Prisen består av ein gåvesjekk på kr. 5.000,-, blomster og ein diplom.


Vedtak i sak 20/2018 i Rådet for funksjonshemma:


Anny Gjerde blir tildelt Årets Ros for sin innsats basert på verdiforvaltning, ide, planlegging, opparbeiding og vedlikehald av ein universelt utforma oase av ein felleshage i sentrum ved Frivilligsentralen. Ikkje berre ein hage, men eit unikt miljø, i rullatoravstand frå busstopp og kommunale tenester i sentrum.

Prisen blir tildelt i Vestnes kommunestyre torsdag 25.10.2018 av leiar for Rådet for funksjonshemma.


Forslagsstillar var Aud Sissel Løvoll Suoranta.











Info 
Sist endret 13.09.2018 Silje Beate Sylte
Opprettet 13.09.2018 Silje Beate Sylte
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del