Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Nytt kurs for Aktivitetsvenner

AktivitetsvennOnsdag 24.oktober er det klart for nytt kurs for alle som har lyst til å bli Aktivitetsvenn for ein med demens, eller som berre vil finne meir ut av kva det er. Som aktivitetsvenn er du med å gje personar med demens fleire gode dagar og gode opplevingar.
Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, aktivitetar som begge trivest med – dobbel glede! Eksemplar på aktivitetar er å gå tur, trene ilag, gå i teater eller på kino, fiske, hagearbeid, eller berre treffast for ein kopp kaffi og ein liten prat. Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få moglegheit til å fortsette sine fritidsaktivitetar.

Alle frivillige aktivitetsvennar må delta på eit kurs og vil få rettleiing i rolla som frivillig. Kurset gir mellom anna ei innføring i sjukdomen demens, dei ulike formene for demens og rettleiing i korleis kommunisere med ein person med demens. Aktiviteten skal vere kjekk og trygg for dei frivillige aktivitetsvennen, for personar med demens og deira pårørande.

KURS er onsdag 24.oktober, kl. 18.00-21.00, på Vestnes Frivilligsentral. Er du nyfiken og lyst til å vite meir er du velkommen til å melde deg på kurs. Det er først etter kurset du bestemmer om dette er noko du har lyst til. For meir informasjon eller påmelding ta kontakt med Vestnes Frivilligsentral:
frivillig@vestnes.kommune.no, 974 84 478. Påmeldingsfrist er fredag 19.oktober.







Info 
Sist endret 02.10.2018 Hilde Rekdal
Opprettet 01.10.2018 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del