Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Vi treng fleire bøsseberarar

bymisjonen
På søndag 21.oktober er det klart for årets TV-aksjon: Mindre alene sammen. Vi treng deg med på laget!
I Tomrefjord trengs det 12 bøsseberarar til, på Helland 10 stk, og 5 på Vikebukt. Vi håper du melder deg som bøsseberar, og blir med på Norges største dugnad for eit varmare samfunn.
Om aksjonen
TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjonen sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 21.oktober.

Norge er eit samfunn der forskjellane aukar. Forskjellar som ikkje først og fremst handlar om etnisitet eller religion, kvar du kjem i frå eller kven du er. Men om du er innanfor eller utanfor.

Det er mange måtar å vere utanfor på. Frå å mangle ei seng å sove i, til å vere utanfor arbeidsliv eller sosiale fellesskap. Dette rammer ikkje bere enkeltpersonar, men gjev ringverknadar for heile befolkninga.

Med TV-aksjonen NRK 2018 kan Kirkens Bymisjon skape møter som endrar liv. Ved å opne dører og legge til rette for at fleire møtes, vil Kirkens Bymisjon vise kvifor årets TV-aksjon er viktigare enn aldri før. Kirkens Bymisjon skal tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik bidra til at fleire får moglegheita til å oppnå eigne mål og drøymar.


Bli bøsseberar?
TV-aksjonen er den største dugnaden i Norge, 100.000 bøsseberarar over heile landet er i sving dei to timane aksjonen er, kl. 16.00-18.00.

I Vestnes kommune treng vi bøsseberarar for at vi skal kunne nå ut til alle innbyggjarane, og då treng vi
DEG med på laget! Ta med deg din kjære, ein nabo, barn eller barnebarn og gå turen saman.

Meld deg som bøsseberar på
www.blimed.no, eller til Vestnes Frivilligsentral ved å sende SMS til 974 84 478. Hugs å skrive namnet ditt og kvar i kommunen du ønskjer å gå.


Les meir om årets TV-aksjon her.





Info 
Sist endret 17.10.2018 Karianne Bergset Austnes
Opprettet 02.10.2018 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del