Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Næringsprisen 2018 til Kraftmontasje AS

Vestnes kommune, næringsprisI sitt møte måndag 05.11.2018, behandla Vestnes formannskap tildeling av Næringsprisen for 2018 frå Vestnes kommune. Vestnes formannskap vedtok at årets næringspris skal gå til Kraftmontasje AS.
Næringsprisen består av ein statuett og eit eige næringsprisdiplom. Forslagsstillar var Tore Gjelsten.

I grunngjevinga går det fram at Kraftmontasje AS nyt stor respekt i kraftbransjen i inn- og utland, og er tufta og bygd på lokalt eigarskap med mange gode og sikre arbeidsplassar i Vestnes.

Vestnes kommune vil gratulere Kraftmontasje AS med Næringsprisen for 2018!

Næringsprisen blir markert og utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul, tysdag den 18. desember.








Info 
Sist endret 06.11.2018 Hilde Rekdal
Opprettet 06.11.2018 Hilde Rekdal
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del