Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Velkommen til Vestnes?

Vestnes Midt i blinkenKultureininga i kommunen: Kulturskulen, biblioteket og Frivilligsentralen, har fått i oppdrag frå kommunestyret å utarbeide ei velkomstpakke for nye innbyggjarar i kommunen. Eininga har jobba ei stund med dette, og er veldig glade for oppdraget – men vi treng fleire med, og inviterar no frivilligheita til innspelsmøte 20.november.
No har det blitt utarbeidd eit forslag til kva ei Velkomstpakke kan innehalde. Vi har tenkt både ei fysisk pakke, ny digital løysing/nettside og aktivitet – dette vil vi gjerne ha innspel på, og nye idear til frå frivilligheita i kommunen.

For å bli ein del av samfunn er deltaking i frivilligheit og kulturliv viktig, frivilligheita har slik ei sentral rolle for bulyst og trivsel – for om folk blir verande i Vestnes kommune, og om folk flyttar (tilbake) hit. Kultureininga invitera no alle lag og organisasjonar i kommunen til eit informasjon- og innspelsmøte, tysdag 20. november, kl. 18.00-20.30.

Program:
- Informasjon om Velkomstpakken – mandatet/bakgrunn
- Kvifor frivilligheita er viktig i dette arbeidet
- Presentasjon av tankar til innhald i Velkomstpakke så langt
- Innspel/diskusjon. Vil dette fungere for lag og organisasjonar? Korleis kan dei lettast involverast? Kva må til?
- Pause - Kort Info om Tilskuddsportalen og Alle med!
- Kursdagar til våren? Tema styrearbeid/økonomi


Vi serverer pizza!

Stad: Vestnes Frivilligsentral, Remmemsvegen 2
Klokka: 18.00-20.30.

Påmelding til frivillig@vestnes.kommune.no/ 974 84 478 innan måndag 19.november.

Velkommen - del gjerne!





Info 
Sist endret 07.11.2018 Karianne Bergset Austnes
Opprettet 06.11.2018 Karianne Bergset Austnes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del