Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Turvegen i Kråkvika skal utbetrast

Kommunevåpen Vestnes kommuneTurvegen i Kråkvika vil bli stengt den neste månaden som følge av gravearbeid og asfaltering. Kommunen skal skifte ut 5-6 stikkrenner, lage til grøfter, masseutskifte deler av vegen, samt reasfaltere vegen frå gangfeltet ved Kid-bygget og til der asfalten sluttar.

Kråkvika_utbedtring

Det vil vere økt anleggstrafikk i området og deler av vegen blir gravd av og ein må ansjå vegen som stengt.

Arbeidet blir gjort i samband med opprustning av turvegen der vi tidligare etablerte belysning langs turvegen, og skal no utbedre sjølve vegkroppen.

Det skal og utførast gravearbeid rundt området ved toalettet. Her skal ein lage til området slik at det kan brukes som friområde for grilling, bading og leik etc.
Det skal lagast skjermingsvollar, planering av området, samt lage til nokre mindre gangveger ned til sjøen.
Det er ett strekke på ca 100m som ikkje er teke med i prosjektet. Dette strekket går frå krysset til idrettsanlegget og fram til første brua ved europavegen. Grunnen til at dette ikkje er teke med er utbygging av 4.arma i rundkøyringa og endringane dette vil føre til.

Det er Leikarnes Maskin AS som utfører arbeidet for kommunen.

Prosjektleiar for kommunen er Tobias Hay Slinning
Tlf: 71 18 40 46
E-post:
Tobias.slinning@vestnes.kommune.no









Info 
Sist endret 06.11.2018 Redaktør Redaktør
Opprettet 06.11.2018 Redaktør Redaktør
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del