Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Søk i kalendere 
3 måneder tilbakeForrigeoktober 2018Neste3 måneder frem
mtotfls
3924252627282930
401234567
41891011121314
4215161718192021
4322232425262728
442930311234
Tekst 
Datoperiode 
Søk  
Gå til hovedinnhold
Kalenderhendelse 

Musikkafé i Tresfjord

Laurdag ettermiddag er det i Tresfjord det skjer då Spelemannslaget Dåm og Drag inviterer til sin årlege musikkafé. Laget freister med eit rikhaldig program og "basarstemning" på Tresfjord fleirbrukshus.

Aktivt spelemannslag
Spelemannslaget opplever for tida god rekruttering av unge felespelarar, og dei driv også med folkemusikk song og -dans. Laget har dei siste åra satsa mykje på deltaking under fylkeskappleiken noko som har inspirert til fleire kreative innslag. Noken av desse blir å oppleve laurdag. Toraderlaget Grendalaget er faste gjestar på spelemannslaget sine arrangement. Som tidligare vil dei glede publikum med god gamaldansmusikk under leiing av Jarl Waage.

Gjenhøyr med Åva'i Bedehusa Band
På programmet står også eit triveleg gjenhøyr med gruppa Åva'i Bedehusa Band, kjent frå ulike tilstelningar i Tresfjord for ei tid tilbake. Åva'i Bedehusa Band består i dag av Rita Kjersheim og Jon Petter Syltebø på vokal, Trond Salthammer på gitar, Brit Guro Rypdal Hovden på piano, Halvor Hovden på bass og Mats Hugo Frostad på trommer. Gruppa har eit breidt reperatoar og tar med seg noken av sine finaste viser til Tresfjord.

Tradisjonell basar
Gode kaker og kaffi står sjølvsagt sentralt under ein musikkafé og spelemannslaget kan ma. freiste med eit bugnande kakebord. I pausen blir det også åresal med flotte gevinstar, noko som vonleg vil sørge for god gamaldags "basarstemning". Spelemannslaget Dåm og Drag ønsker alle velkomne til ei triveleg ettermiddagsstund i Tresfjord laurdag.

Detaljar

Dato

13.10.18 - 13.10.18

Tid

15:00 -

Stad

Tresfjord fleirbrukshus

Ansvarleg

Spelemannslaget Dåm og Drag
Kalenderhendelse - rediger 
Tips / del