Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > NAV
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

NAV

NAVNAV i Vestnes vart opna 3. januar 2008. Dei arbeids- og velferdstenestene som ein tidlegare fekk ved trygdekontor, aetat og det kommunale sosialkontoret, er no integrert i ei heilhetleg teneste.

Vestnes kommune og NAV Møre og Romsdal har inngått ei samarbeidsavtale om tenestetilbodet i det lokale NAV-kontoret. Formålet med NAV er at fleire skal kome i aktivitet og at færre skal gå på stønad. Tenesta skal vere tilpassa behovet til den einskilde brukar. NAV skal ha fokus på brukarar med særskilde behov og utfordringar knytt til arbeidsmarknaden. Arbeidsgjevarar i privat og offentleg sektor, organisasjonar o.a. samarbeidspartar er viktige for å nå desse målsettingane.

Oppfølging av sjukmelde er eit område der den sjukmelde sjølv, arbeidsgjevar og lege er sentrale aktørar. NAV har ein viktig rolle når det gjeld å følge opp sykmeldte som har vært lenge ute av arbeid slik at dei kjem raskare tilbake.

NAV skal også bistå næringslivet og arbeidsmarknaden elles med formidling og rekruttering.

Nav-kontoret på Vestnes har felles inngang med Servicekontoret i Rådhuset.

Nye opningstider frå mai 2017:

Mandag-tysdag-onsdag-fredag kl. 11.00- 14.00

Torsdag STENGT

Ring NAV sitt fellesnummer 55 55 33 33 for kontakt pr. telefon.


NAV kontoret kan tilby:

  • Råd og rettleiing om arbeidsmarknadstiltak, sosiale tenester og ulike trygdeordningar
  • Funksjons- og arbeidsevnevurdering samt kartlegging av kompetanse i høve arbeid
  • Oppfølging av sjukmelde arbeidstakarar, med særleg ansvar for langtidssjukmelde (dei som har vore sjukmeld i meir enn 6 månader )
  • Bistå arbeidsgjevarar i høve til formidling av arbeid og rekruttering av arbeidskraft
  • Titak overfor rusmisbrukere og deler av psykiatritjenesten
  • Hjelp til personer som trenger oppfølging i bolig (Boligsosialt arbeid)
  • Økonomisk rettleiing og gjeldsrådgivning
  • Kvalifiseringsprogrammet
  • Individuell Plan for personar når NAV er den mest sentrale bidragsytaren
  • Generell bistand til å finne fram på NAV.no med søknadsskjema o.a. opplysningar

Gå til www.nav.no



Artikkel - info 
Sist endret 19.07.2017 Silje Beate Sylte
Opprettet 13.09.2007 Frank Skorgenes
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel 

KOMMUNEINFO:

Vestnes kommune
Rådhuset, 6390 Vestnes
E-post
Servicekontoret:
Opningstid: 09:00 - 15:00
Org.nr.: 939 901 965
Telefon: 71 18 40 00
Tema - rediger 
Fri tekst [2] 

Fri tekst [1] 

Tips / del