Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > Administrasjon
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Administrasjon

Rådhuset

Sentraladministrasjonen finn du på Rådhuset i Vestnes.

Administrasjonssjef: Tone Roaldsnes

Organisasjonkart

Kommunen kan sjåast på som eit stort konsern. Sjå organisasjonskart.
I denne organisasjonen har sentraladministrasjonen ein samordnande funksjon. Sentraladministrasjonen skal gje alle driftseiningane fagleg driftsstøtte på følgjande område:
  • IKT
  • Personal/løn
  • Rekneskap
  • Arkiv og saksbehandlingssystem
  • Andre funksjonar som blir samordna i sentraladministrasjonen
I sentraladministrasjonen blir all saksførebuing, utgreiingar og koordinering til alle faste og meir ad hoc prega politiske organ gjennomførte. I tillegg blir alle byggjenemnder leia av kommunalsjef for økonomi. Dette pregar for ein stor del heile arbeidssituasjonen innan politikk, utvikling og forvaltningsoppgåver. Dei største utgreiingane er knytta til årsmelding, rekneskap, budsjett og økonomiplan.
Utanom dette kan vi nemne følgjande saksområde:
  • Generelle forvaltnings- og utviklingsområde
  • Landbruk, miljø
  • Byggjesaksbehandling
  • Plansaker
Sentraladministrasjonen blir leia av administrasjonssjefen, og driv både med interntenester og innbyggartenester. Rekneskap, løn, personal, planarbeid, overformynderi, barnehage, grunnskule, IKT, landbruk, miljø, kultur, løyve og konsesjonar, beredskap, innkjøpskoordinering og byggjesaksbehandling, er døme på tenester som blir utført i sentraladministrasjonen.

Servicekontoret har ansvar for arkiv og saksbehandlingssystem, heimeside og politisk sekretariat. Innføringa av nytt sak- og arkivsystem og overgang til fullelektroniske arkiv har ført til at servicekontoret er blitt eit knytepunkt for bruk av datasystem, saksbehandling og betjening av kommunen sine arkiv for interne og eksterne brukarar. Servicekontoret utfører forvaltningsoppgåver på følgjande saksområde:
  • Bustøtte
  • Startlån
  • Skjenkesaker
  • Transporttenesta for funksjonshemma (drosjekort)
  • Ledsagerbevis/følgjekort
  • Parkeringsløyve for forflytningshemma

    Artikkel - info 
    Sist endret 10.04.2015 Hilde Rekdal
    Opprettet 03.06.2010 Reidun Bjølverud
    Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
    Artikkel 

    KOMMUNEINFO:

    Vestnes kommune
    Rådhuset, 6390 Vestnes
    E-post
    Servicekontoret:
    Opningstid: 09:00 - 15:00
    Org.nr.: 939 901 965
    Telefon: 71 18 40 00
    Tema - rediger 
    Fri tekst [2] 

    Fri tekst [1] 

    Tips / del