Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > Tenestekontor
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Tenestekontor

Ope 9 - 15 alle kvardagar.

Tenestekontoret har som mål å sikre at innbyggarane i kommunen sikrast lik tilgang til helse- og omsorgstenester.

Tenestekontoret vil kunne svare på spørsmål, gi rettleiing og ta imot søknader om helse- og omsorgstenester. Fagpersonell behandlar søknaden, driftsleiar fattar vedtak.

Tenestekontoret har ansvar for informasjon, kartlegging og saksbehandling av helse- og omsorgstenester
  • for alle over 18 år
  • unntak personar med utviklingshemming; ta kontakt med Bu- og habiliteringstenesta
  • for dei under 18 år ta kontakt med Barne- og ungdomstenesta

Oversikt over aktuelle tenester vi informerer om og behandlar:
  • servicetenester: tryggleiksalarm, matombringing, dagtilbod
  • heimesjukepleie
  • psykiatrisk helsetilbod / psykiatrisk sjukepleie
  • kreftomsorg
  • kvardagsrehabilitering
  • ergoterapi
  • fysioterapi
  • praktisk bistand / heimehjelp
  • støttekontakt
  • BPA – brukarstyrt personleg assistent
  • omsorgslønn
  • institusjonsopphald
  • avlastningstiltak
  • omsorgsbustad
  • individuell plan

Tenestekontoret er koordinerande eining i kommunen for personar over 18 år, med unntak av personar med utviklingshemming.

Alle kommunar skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. Dette er heimlet i lov av 24. juni 2011 nr 30: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 7-3.
Her står:
«Kommunen skal ha ei koordinerande eining for habiliterings- og rehabiliteringsverksemd.. Denne eininga skal ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan, og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator etter §§ 7.1 og 7.2.»

For hjelp frå kommunen si helse- og omsorgsteneste kan kommunen kreve vederlag av pasient og brukar når dette følgjer av lov eller forskrift, jf Lov om Helse- og omsorgstenester § 11-2, og forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester FOR-2011-12-16-1349.

Kommunens prisoversikt finn du her

Skjema for søknad om helse- og omsorgstenester finn du her

Ferdig utfylt søknadsskjema må signerast og sendast til:

Vestnes kommune
Tenestekontoret
6390 Vestnes

Besøksadresse:
Rådhuset, 6390 Vestnes

For å avtale møtetid, kontakt Servicekontoret telefon 71 18 40 00, eller direkte til saksbehandlar.

Tilsette ved Tenestekontoret:

Namn Stilling epost Telefon
Marit K. Tomren sjukepleiar/
saksbehandlar
marit.tomren@vestnes.kommune.no 71184023
Elin Skjegstad vernepleiar/
saksbehandlar
elin.skjegstad@vestnes.kommune.no 71184021



Artikkel - info 
Sist endret 28.07.2015 Reidun Bjølverud
Opprettet 19.05.2014 Reidun Bjølverud
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel 

KOMMUNEINFO:

Vestnes kommune
Rådhuset, 6390 Vestnes
E-post
Servicekontoret:
Opningstid: 09:00 - 15:00
Org.nr.: 939 901 965
Telefon: 71 18 40 00
Tema - rediger 
Fri tekst [2] 

Fri tekst [1] 

Tips / del