Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > EHF-faktura
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Innfører EHF-faktura i Vestnes kommune

EHF fakturaFrå 1. januar 2016 innfører Vestnes kommune obligatorisk bruk av EHF faktura (Elektronisk handelsformat). Det vil erstatte faktura som kommunen i dag mottek på papir, epost eller andre format.
Frå og med 1.januar 2016 krev Vestnes kommune elektronisk faktura og kreditnota frå sine leverandørar i EHF-format på alle typer innkjøp og bestillingar.
EHF (elektronisk handelsformat) sender fakturainformasjonen vi treng direkte til vårt rekneskapssystem.

Vår fakturaadresse er vårt organisasjonsnr. : 939 901 965 og vårt aksesspunkt er Visma


Dette gjev ei rekke fordelar for begge partar:

  • Raskare betaling – postgang og manuelle rutinar blir eliminert
  • Innsparing i form av papir, porto og automatiserte rutinar
  • Risikoen for feil blir redusert (feil tasting og/eller tolkning ved skanning)

Kva må du som leverandør gjere for å kunne sende EHF-faktura?

Sjå rettleiing som kort beskriv dei ulike valmulegheitene du har for å kome i gang med EHF-fakturering

PS. Denne rettleiinga er tilrettelagt av Molde kommune, og det vil også bli halde eit felles informasjonsmøte i Molde om EHF som blir annonsert seinare.

Dei same krav vil gjelde for følgjande kommunar fra 01.01.2016: Molde, Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Aukra, Surnadal, Eide og Fræna

For Vestnes kommune merk spesielt:
  • Faktura skal vere påført eit 4-siffera ansvarsnummer som referanse. Dei 4 siffera skal stå aleine i fakturafeltet «AccountingCost» (obligatorisk EHF-felt).
    Oversikt over kommunen sine driftseiningar og ansvarsnummer
  • Bestillar sitt namn og/eller eining skal også kome fram på fakturaen
  • Faktura sendt via epost reknast ikkje som elektronisk faktura og blir ikkje godteke
  • Mangelfulle fakturaer (innhald, kvalitet og merking) vil bli returnert til leverandør
  • Ev. vedlegg må følgje fakturaen i EHF
Vestnes kommune har som standard betalingsvilkår 30 dagar frå fakturadato.

For meir informasjon kontakt:
Molde kommune, v/Torgeir Larsen Blø,
epost: torgeir.larsen.blo@molde.kommune.no
tlf. 71 11 11 43


Stortingsmelding nr. 36 (2008-2009) "Det gode innkjøp" blir det gjeve retningslinjer om framtidig elektronisk fakturering. Vi viser også til forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning § 10 og § 12. Samt implementering av direktiv 2014/55/EU om elektronisk faktura for offentleg anskaffelser. Neste steg er derfor at dette kjem til å bli innlemma i lov om offentleg anskaffelsar.








Artikkel - info 
Sist endret 03.11.2015 Reidun Bjølverud
Opprettet 30.10.2015 Reidun Bjølverud
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel 

KOMMUNEINFO:

Vestnes kommune
Rådhuset, 6390 Vestnes
E-post
Servicekontoret:
Opningstid: 09:00 - 15:00
Org.nr.: 939 901 965
Telefon: 71 18 40 00
Tema - rediger 
Fri tekst [2] 

Fri tekst [1] 

Tips / del