Medverknad og innspel

Det blir lagt opp til brei involvering av innbyggarane. Møte og arrangement blir lagt inn i tidslinja. Etterkvart vil også innspela og resultata frå aktivitetetane publiserast her.

Bygdemøter for felles identitet i Vestnes

I 2022 blei det gjennomført idéverkstad i alle bygdene i samband med identitetsprosjektet. 

Les meir (PDF, 246 kB)

Sjå innslaget på NRK Møre og Romsdal frå møtet på Vågstranda her.

04.05.2022

Bli med hit

Deltaking på messe i Trondheim for å treffe studentar og utflyttarar som kan tenke seg å flytte til vårt område.

Les meir

Logo til Bli med hit - Klikk for stort bilete
13.11.2023

Utvida ungdomsråd

Bilde av medvirkning i ungdomsrådet - Klikk for stort bilete

I desember 2023 arrangerte ungdomsrådet eit utvida møte der 20 ungdommar frå 10. klasse og vidaregåande skule deltok.

Les meir

01.12.2023 14.02

Utfordringar knytt til utanforskap

Kommunen inviterte 9. januar til ide-verkstad for å få innspel arbeidet med å fornye og utvikle arbeids- og aktivitetstilbodet til personar som treng tilrettelegging. Brukarorganisasjonar og tilsette som kjenner brukarane godt var representert. Innspela skal nyttast som grunnlag i arbeidet med utvikle tenester og konsept i samarbeid med Astero og til kommuneplanens samfunnsdel. 

Les meir (PDF, 88 kB)

09.01.2024

Nye stemmer - innflyttarar

Kva synst dei som kjem hit utafrå? Eller dei som kjem heim igjen? Vi har tatt ein liten prat med sju personar som har flytta til kommunen dei siste åra.

Les meir

Ropert - Klikk for stort bilete
28.02.2024

Mitt lokalmiljø

Barn i regnklede på ei strand. Regnboge i bakgrunnen - Klikk for stort bilete

Dei eldste barna og dei tilsette ved alle barnehagane i kommunen av vært med i prosjektet “Mitt lokalmiljø”.

Prosjektet har vist oss barnehagane sitt nærmiljø frå barna sine auge, kva dei likar, kva dei mislikar og kva for ønsker dei har for framtida. 

Les meir

 

29.02.2024

Dialogmøte - pensjonistlaga

Oversiktsbilde Tresfjord penjsonistlag - Klikk for stort bilete

Denne våren har alle pensjonistlaga i kommunen hatt kommuneplanarbeid på agendaen. Kva tenker dei vi bør prioritere framover?

Les meir

11.03.2024

Rådet for funksjonshemma

Medlemmar av RFF diskuterar framtida til kommunen - Klikk for stort bilete

18.mars blei det gjennomført medverknadsprosess i RFF sitt møte og dei kom med mange aktuelle innspel til kommunaplanen. 

Les meir

18.03.2024 13.00

Frivilligforum 2024

FrivilligForum 2024 vart gjennomført mandag 18. mars på Vestnes bibliotek. Det møtte 30 deltakarar, og 24 organisasjonar var representert.  

Les meir

18.03.2024 18.00

Innovasjonscamp

Vestnes kommune var ein av oppdragsgivarane da innovasjonscamp blei arrangert for 24. gong. Kva tilbod kan SMUD, kulturskulen og andre skape for at ungdom skal kjenne seg trygge og inkluderte?

Les meir

22.03.2024 10.00

Barnetråkk

Illustrasjon barnetråkk registreringer i fylket - Klikk for stort bilete

Skulane i kommunen blei vinteren 2023/2024 invitert til å gjennomføre ei barnetråkk- registrering.

Les meir  (PDF, 391 kB)

31.03.2024

Livet og framtida i Vestnes kommune

Barn i leik - Klikk for stort bilete Ziggi

I perioden 1.mars til 1.april var det mogleg å kome med digitale innspel til kommuneplanarbeidet.

Alle innspela kan du lese her (PDF, 956 kB)

31.03.2024 23.55

Workshop med flyktningetenesta

Ei som lyttar - Klikk for stort bilete

Dei seinare åra har vi fått mange nye innbyggarar. Kva opptek dei og korleis ser dei på kommunen vår? 

Les meir

03.04.2024 12.00

Medverknadsmøte med elevråda i kommunen

Ordsky over det ungdommane ønsker for framtida - Klikk for stort bilete

Ungdomsrådet inviterar alle elevråda i kommunen. (Grunnskule og vgs.) til medverknadsmøte. Mobbeombudet og elev- og lærlingombudet i fylket kjem for å orientere om sine roller og korleis dei arbeider. Leiinga ved skulane og politikarane blir også invitert.

Les meir

09.04.2024 16.30

Innspel frå foreldre

Kva bør kommunen prioritere?  - Klikk for stort bilete

Foreldrerepresentantane ved dei offentelege skulane i kommunen har vurdert styrkar og svakheiter ved lokalsamfunnet vårt. 

Les meir

10.04.2024 18.00

Bli med hit! - Oslo 2024

Vestnesingar på Blimeghit-messa - Klikk for stort bilete

11.april 2024 var vi i Oslo på rekrutteringsmessa «BLI MED HIT! Møre og Romsdal» for å vise fram den flotte regionen vi bur i og representere Romsdalskommunane som attraktive arbeidsgivarar.  Vi nytta høve til å snakke litt med nokre utflytta vestnesingar om kva som er viktig for dei og kva kommunen bør jobbe med framover. 

Les meir

11.04.2024 16.30

Framtidstreet

Einar Baltzersen, Vestnesavisa

I perioden mars - april kunne besøkande på Vestnes bibliotek komme med innspel til korleis dei ønsker at Vestnes samfunnet skal sjå ut i framtida. Innspel, ønske og draumar skreiv dei på lappar som dei hengte på treet.  Det blei eit skikkeleg frodig og fargerikt tre før lauva blei “hausta” og overlevert til kommunen 30.april. 

Alle innspela kan du sjå her (PDF, 84 kB)

30.04.2024 23.59

Innspelsmøte med næringslivet

22.mai kl 18:00 inviterte ordføraren næringslivet til innspel og diskusjon om framtida i kommunen. Det var presentasjon av kommuneplanarbeidet og innlegg frå dei ulike sektorane. 

Innspel frå sektorane (PDF, 137 kB)
Resultat av kaféborddialogen (PDF, 160 kB)

 

22.05.2024 18.00