Førehandsstemme

Skal du stemme ved kommunestyre- og fylkestingvalet i 2023? Frå 10. august til 8. september kan du førehandstemme på rådhuset/servicekontoret alle kvardagar - hovudinngangen er opna for publikum.

Kvar og når kan du stemme?

I førehandsstemmeperioden kan du stemme kor du måtte ønskje i heile landet. 

Dersom du førehandsstemmer i ein annan kommune enn heimkommunen din, får du utdelt ein stemmesetel som er påførd dei registrerte namna til dei politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for, eller skrive på, kva parti du vil stemme på. Du kan også skaffe stemmesetel frå din kommune og bruke den dersom du ønskjer å gjere endringar. Det same gjeld dersom du stemmer utanfor fylket ditt.

Slik kan du førehandsstemme i Vestnes kommune

Førehandsstemming ved kommunestyre- og fylkestingvalet 2023
Stad Tidspunt Klokkeslett
Rådhuset Kvardagar 09:00 - 15:00
Rådhuset - langope Måndag 4. september 09:00 - 18:00
Rådhuset - langope Tysdag 5. september 09:00 - 18:00
Rådhuset - langope Onsdag 6. september 09:00 - 18:00
Rådhuset - langope Torsdag 7. september 09:00 - 18:00
Vestnes bibliotek Torsdag 31. august 12:00 - 18:00
Vestnes bibliotek Fredag 1. september 12:00 - 18:00
Vestnes bibliotek Laurdag 2. september 10:00 - 15:00

Ta med legitimasjon og eventuelt valkort.

Kan eg stemme fleire gonger?

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogeleg å angre på stemmegjevinga si i Noreg. Det betyr at dersom du førehandsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Stemme heime?

Dersom du ikkje kan oppsøke eit vallokale på grunn av sjukdom eller uføre, kan du søke valstyret om å avgi førehandsstemme heime eller der du er. Då kjem det to valmedarbeidarar heim til deg og mottek stemma di.

Kontakt servicekontoret innan tysdag 5. september kl. 14.00 på følgjande telefonnummer for å avtale tid:

Oppheld du deg i utlandet?

Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les meir om korleis du førehandsstemmer i utlandet på valg.no.

Viktige datoer for valperioden

 

Viktige datoar for valperioden
Emne Frå dato Til Dato Klokkeslett
Tidlegstemme 3. juli 9. august kl. 10:00 - 14:00
Førehandsstemme 10. august 8. september kl. 09:00 - 15:00
Førehandsstemme utanriks 1. juli 1. september
Førehandsstemme Jan Mayen/Svalbard 1. juli 8. september
Valdagen 11. september kl. 10:00 - 20:00

Kontakt

Servicekontoret
E-post
Telefon 71 18 40 00
Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 92 02 79 39

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart