Kommunal beredskap

Varsling ved ulykker og større uønska hendingar, skal som hovudregel rettast til naudetatane.

Kommunen sitt ansvar i ein krisesituasjon er å delta i arbeidet med skadeavgrensande tiltak for å sikre menneske, miljø og økonomiske verdiar. Det kan og vere situasjonar der kommunen sjølv er ansvarleg for å handtere hendingar. Dette kan vere i samband med smitteutbrot osv. Andre oppgåver som kommunen kan få ansvar for å handtere i ein krisesituasjon kan vere:

  • Ta hand om skadde personar
  • Omsorg for personar som har vore utsette for store påkjenningar
  • Assistanse ved evakuering av personar frå eit utsett område
  • Innkvartering av personar eller redningsmannskap
  • Informere om situasjonen i kommunen og gje rådgjeving i samråd med politi
  • Forpleiing eller anna forsyningsstøtte

Vestnes kommune har ein beredskapsplan som gjeld for heile kommunen sin organisasjon. I tillegg har kommunen delplanar til beredskapsplanen for ulike fagområder.

Beredskapsplan for Vestnes kommune (PDF, 975 kB)

Etablering av kriseleiinga 

Det er kommunedirektøren og ordførar som på oppfordring eller eige initiativ som kan kalle inn og etablere kriseleiinga sin stab, og avgjer kven som skal kallast inn. Kontaktinformasjon til kommunedirektøren og ordføraren ligg i tabellen under. I sentralbordets opningstid kan du og ringe 71 18 40 00.

Samansetning kriseleiing

Samansetning kriseleiing
Tittel Namn
Ordførar, pressetalsmann Randi Bergundhaugen
Kommunedirektør Kristian Skålhavn
Varaordførar Bjørn Inge Olsen
Kommunalsjef personal Rune Håseth
Konstituert kommunalsjef oppvekst Ronny Engan
Brannsjef/beredskapsansvarleg Frank Skorgenes
ROR-IKT Rune Rekdal
Rådgjevar Reidun Bjølverud
Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli
Einingsleier tekniske tenester Emil Balstad
Konstituert kommunasjef helse og omsorg Ina Killingrød Greve
Kommunalsjef samfunn og samskaping Helene Øvrelid
Revidert 16.01.2024

Etablering av psykososialt kriseteam

Det er etablert psykososialt kriseteam i kommunen som skal kunne aktiveres ved akutte hendingar, kriser eller ulykker med behov for rask og tverrfagleg psykososial innsats. Psykososialt kriseteam kan aktiverast av eksempelvis legevakt, AMK, ambulansepersonell, politi, brannbefal, medlemmer i kriseteamet, eller ved pålegg frå kommunedirektøren eller ordførar.

Publikum kan ved behov for bistand også ringe direkte til medlemmane i lista under, men fortrinnsvis leiar eller nestleiar.

Samansetning psykososialt kriseteam

Samansetning psykososialt kriseteam
Tittel Namn Telefon
Kommuneoverlege (leiar) Sabine Relling Bredeli 909 64 131
Rektor (nestleiar) Gunvald Fauske 951 33 377
Sokneprest John Sylte 918 65 064
Helsesjukepleiar Anita Kvalsvik 917 16 194
Helsesjukepleiar Anne Elin Frøysa 995 30 615
Spesialsjukepleiar Heidi Krohn Dahle 905 91 684
Spesialsjukepleiar Hallvard Grebstad 951 00 671
Konstituert kommunalsjef oppvekst Ronny Engan 951 02 115
Diakon Ellen Edvardsen 974 99 175
Revidert 16.01.2024

Informasjon om smittevern  

Kontakt

Frank Skorgenes
Brannsjef/beredskapsansvarleg
E-post
Telefon 99 16 97 98
110 - Brann

110

112 - Politi

112

113 - Ambulanse

Lege 113