Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Ved å bruke eDialog kan du vere sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir ivareteke på ein trygg måte. Mange sender dokument til kommunen med e-post.
E-post kan vere ein usikker kanal. Ved å nytte tenesten eDialog kan du sende oss dokument på ein sikker måte.
Send sikker digital post til postmottak
Send sikker digital post til PPT
Send sikker digital post til byggesak
Korleis bruke eDialog
- Klikk på knappen ovanfor (vel rett mottakar)
- Logg inn ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID el.l)
- Skriv inn i skjemaet og legg ved dokument
Slik fyller du ut skjemaet
- Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
- Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
- Tittel: Kva gjeld henvendinga? Skriv gjerne saksnummer
- Kommentar: Her kan du skrive inn teksten din
- Du kan laste opp vedlegg. Dei fleste format kan brukast: pdf, png, jpg, tiff, xml, text, mpeg video, mp3 eller waw-filer. Word-dokument må gjerast om til pdf.
- Klikk på "Send". Forsendinga blir kryptert og sendt direkte til oss. Du får kvittering med referansenummer på e-post eller sms
Du skal ikkje bruke eDialog dersom
- Vestnes kommune har eige søknadsskjema til føremålet, f.eks søknad om barnehageplass, søknad om bålbrenning
- du har enkle spørsmål som kan besvarast med e-post
Sist endra 14.02.2023 14.59