Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Som ein del av arbeidet med digitalisering går Vestnes kommune no over til digital fakturadistribusjon. Dette fører til ny rutine for utsending av faktura frå november 2019.
Har du spørsmål, kan du kontakte oss på telefon 71 11 11 43 eller epost faktura@vestnes.kommune.no
Den nye løsninga inneber at alle fakturaer blir forsøkt sendt digitalt, som eFaktura, AvtaleGiro, Vipps regning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Dersom dette ikkje er mogleg vil fakturaen bli levert som papirfaktura i postkassa di.
Dersom du som kunde har AvtaleGiro, vil også betalingsvarselet bli forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. Ei god løsning for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysningar vil da vere å opprette AvtaleGiro, så får du tilsendt belastningsoppgåva i posten.
eFaktura er vår mest foretrukne distribusjonskanal. eFakturaavtale opprettar du i banken din. Med eFaktura kan du vere sikker på at fakturaen kjem kjapt frem, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.
Les om hvordan du oppretter eFaktura
Gjennom den nye løsningen har vi nå mulighet for å tilby Vipps regning. Dette forutsetter at du bruker Vipps, og har aktivert Vipps regning inne i appen.
Dersom du har digital postkasse kan du få faktura i den. Gjeld ikkje dersom du har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen, da vil du motta faktura gjennom desse kanalane som før.
Dersom vi har din e-postadresse i vårt system kan du få faktura som vedlegg i ein e-post. Gjeld kun dersom du ikkje brukar ein av dei digitale kanalane som er nemnt ovanfor.
Dersom du ikkje nyttar deg av nokon av dei digitale kanalane vi har omtala her vil du få fakturaen din i postkassa på same måte som før. Den einaste forskjellen du vil merke er at utsjånaden på fakturaen er litt annleis. Den nye blanketten har ikkje girodel i botn, så om du ønskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan du få i banken. Informasjon som du må fylle ut i den tomme giroblanketten er:
- Beløp
- Betalaren sitt bankkontonummer
- Betalt av
- Betalt til
- Kundeidentifikasjon (KID)
- Kroner og øre
- Til konto
Sist endra 13.01.2023 09.00