Krav om EHF-format for faktura - fakturareferanse

Krev du betaling frå Vestnes kommune, må det gjerast via faktura i EHF-format til vårt aksesspunkt.

Vår fakturaadresse er vårt organisasjonsnr. : 939 901 965 og vårt aksesspunkt er Visma  

Dette gjev ei rekke fordelar for begge partar

  • Raskare betaling – postgang og manuelle rutinar blir eliminert
  • Innsparing i form av papir, porto og automatiserte rutinar 
  • Risikoen for feil blir redusert (feil tasting og/eller tolkning ved skanning) 

Fakturareferanse

  • Faktura skal vere påført eit 4-siffera ansvarsnummer som referanse. Dei 4 siffera skal stå aleine i fakturafeltet «AccountingCost» (obligatorisk EHF-felt). 
     

Oversikt over kommunen sine driftseiningar og ansvarsnummer (PDF, 85 kB) 

Fakturareferanse skal kome fram på fakturaen.

  • Faktura sendt via epost reknast ikkje som elektronisk faktura og vert ikkje godteke
  • Mangelfulle fakturaer (innhald, kvalitet og merking) vil bli returnert til leverandør 
  • Ev. vedlegg må følgje fakturaen i EHF

Betalingsvilkår

Vestnes kommune har som standard betalingsvilkår 30 dagar frå fakturadato.

Kontakt

Hilde Rekdal
Konstituert kommunalsjef
E-post
Telefon 90 61 81 42

Opningstider

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart