Månadleg faktura

Frå og med 1. januar 2020 tilbyr vi månadleg faktura for kommunale eigedomsavgifter. 

Som standard får du 4 faktura per år for kommunale eigedomsavgifter:

  • 1. termin - forfall 25. mars
  • 2. termin - forfall 25. juni
  • 3. termin - forfall 25. oktober
  • 4. termin - forfall 25. desember

Månadlege fakturaer skal vi sende ut digitalt (eFaktura, AvtaleGiro, digital postkasse, e-post eller Vipps). Vi oppfordrar imidlertid våre innbyggarar til å opprette eFaktura eller AvtaleGiro i sin nettbank.

Her finn du meir informasjon om eFaktura og Avtalegiro

Dersom du ønskjer månadleg faktura, kan du ikkje ha papirfaktura (blankett).
Det er også eit krav om at du ikkje skal ha restansar. Ev. må du inngå ein nedbetalingsavtale på uteståande krav med rekneskapsavdelinga vår.

For dei som har eigedomsavgifter på under/om lag tusen kroner per år, vil vi berre sende ut 1 faktura per år - denne fakturaen blir utsendt i slutten av februar med forfall 25. mars.

Eigedomsskatt og àkonto avløp blir ikkje fakturert i januar.

På Min Eigedom får du informasjon om dine eigedommar, eigedomsgebyr og tilknytingar

 

Kontakt

Beate Karin Frostad
Saksbehandlar
E-post
Telefon 90 87 30 96

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Kart