Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
I kommuneplanen sin samfunnsdel er “Vestnes – midt i blinken” stadfesta som kommunen sitt ønska framtidsbilete, vår visjon.
Vestnes kommune sin visjon
Ein visjon kan definerast som eit bilete av ein framtidig, ønska tilstand.
”Midt i blinken” kan sjåast som ein reint faktisk geografisk fordel, midt i fylket:
- Den sentrale geografiske posisjonen gjer Vestnes til eit naturleg val både for busetting og nyetableringar i næringslivet.
”Midt i blinken” kan også sjåast i meir overført tyding:
- Det er ”midt i blinken” å etablere næring i kommunen. Vestnes kommune er ein aktiv medspelar overfor næringslivet.
- Det er “midt i blinken” å bu og leve i Vestnes med rikt kulturliv og gode tenester som er treffsikre i kvalitet og innhald.
- Vestnes kommune er “midt i blinken” for alle som er glade i natur- og friluftsliv. Kommunen legg til rette for eit aktivt friluftsliv med lett tilgjengelege naturområde. Dette er eit viktig bidrag til kommunens folkehelsearbeid. 5. Vestnes er “midt i blinken” som arbeidsgjevar og er ein serviceinnstilt, løysingsorientert og imøtekomande kommune.
Sist endra 23.01.2023 11.28