Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet for Vestnes kommune, som gir rammer for forvaltning av arealressursane og langsiktig planlegging av utviklinga i kommunen. Den vedkjem difor alle som bur, jobbar og leve i Vestnes
Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel, ein arealdel og ein handlingsdel.
Som grunnlag for kommuneplanarbeidet, fastsett Plan- og bygningslova (PBL) at det først skal utarbeidast ein planstrategi og eit planprogram. I Vestnes er det vedtatt at planstrategi og planprogram skal samlast i 1 dokument.
Planstrategi og planprogram - vedtatt 25.03.2021
Samfunnsdelen
Kommuneplanen sin samfunnsdel tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for både kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon.
Gjeldande plan:
Kommuneplan for Vestnes kommune 2015-2025, samfunnsdelen. (PDF, 8 MB)
Arealdelen
Kommuneplanen sin arealdel omfattar alt areal i kommunen. Planen fastset kva føremål areala kan nyttast til og viser område med fare eller natur- og kulturlandskapsverdiar som skal takast omsyn til. Plankart og føresegner er bindande både for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak jf. plan- og bygningslova § 11-6.
OBS! Samfunnsdelen og arealdelen skal reviderast og samanslåast til 1 dokument. Revidert plan er venta ferdig i løpet av 2024.
Kommuneplanens arealdel for Vestnes 2015-2025, vedtatt 01.10.2015 (PDF, 17 MB)
Andre gjeldande planar
Kommunedelplan Romsdalsfjorden 2015-2025 vedtatt i Vestnes 22.06.2017
Kommunedelplan Tomrefjellet – Solnørvassdraget – vedtatt i Vestnes 06.07.2006. (PDF, 2 MB)
Digitale planar er tilgjengeleg på kommunens kartteneste under søk i kart/planer
Handlingsdelen
Handlingsdelen vert lagt inn i økonomiplanen. I handlingsdelen/økonomiplanen er det også vist oversikt over helsetilstanden i befolkninga og statistikkar og prognoser for folketalsutvikling, barnetal, alderssamansetting, kjønnsfordeling og nasjonalitetar etc.
Kommuneplanens arealdel skal rullerast i 2020.
Kommuneplanens samfunnsdel skal rullerast i 2020.
Kommuneplanens handlingsdel blir rullert årleg som del av økonomiplanen
Oppbygging av plansystemet