Dei siste 10 åra har det skjedd ei tredobling i talet på kommunale selskap. Kommunenes Sentralforbund (KS) har på bakgrunn av dette sett auka fokus på kommunane si rolle som samfunnsansvarlege eigarar. KS har peika på at auka selskapsorganisering inneber ei rekkje nye utfordringar for kommunane.
Selskapsorganisering og fristilling inneber at kommunestyret gir slepp på den tradisjonelle rolla med forvaltningsstyring, men politisk er det ikkje i same grad debattert kva den nye rolla skal innebere. Kommunestyret kan ha manglande oversikt og kunnskap om kommunen si selskapsorganisering, og ulike organisasjonsformer kan etter KS si oppfatning ha ført til ei passiv eigarskapsrolle. Kommunane forvaltar store verdiar gjennom sine selskap. For at dei store verdiane skal kunne forvaltast på best mulig måte, er det behov for overordna strategiar og retningslinjer. KS påpeikar at det er viktig at kommunane som eigarar avklarer sin ståstad i forhold til selskapa og definerer sine forventningar. Utøvinga av eigarskapet har direkte konsekvensar for verksemda sine disponeringar og prestasjonar.
Les eigarskapsmeldinga (PDF, 730 kB)
Innhaldet i ei eigarskapsmelding
Målsetting for eigarskapsmeldinga:
- Gi kommunestyret ei samla oversikt over Vestnes kommune sine eigarinteresser.
- Skape medvit om Vestnes kommunestyre sin eigarstrategi og oppfølgjing av denne.
- Gi ei samla oversikt over mulige organisasjonsformer for kommunalt eigarskap
Eigarstrategi
Vestnes kommunestyre sin eigarstrategi gir retningslinjer for kva kommunen ønskjer med selskapa. Strategien skal legge grunnlag for tydelige retningslinjer til selskapet. Dette skal for framtida gjerast ved å ha eit særleg fokus på eigarstrategi når vedtekter skal utformast eller revurderast.
Det skal også leggast vekt på eigarstrategi når dei ulike selskapa skal rapportere til kommunestyret om drift og resultat. Eigarstrategien vil også gjere at kommunens representantar i dei ulike selskapa kan drøfte eigarstrategi med formannskapet.
Aktuell situasjon
Eigarskapsmeldinga vart sist godkjent av kommunestyret i sak PS-91/21 den 07.10.2021. Jf. kommuneloven § 26-1 skal kommunen minst ein gong i valperioden utarbeide ei eigarskapsmelding som skal vedtakast av kommunestyret sjølv.
Oversikt over eigarskap
(Oversikta er under arbeid)
Aksjeselskap (AS)
Aksjeselskap (AS) blir regulert av Lov om aksjeselskap (aksjelova). Eit aksjeselskap er eit eige rettssubjekt og kan ha ein eller fleire deltakarar. Det viktigaste trekket ved aksjeselskapsforma er at aksjeeigarane ikkje svarar for selskapet sine forpliktingar med anna enn den kapitalen dei har gått inn med (aksjeposten).
Eigar og eigarandel
Vestnes kommune: 100 %
Vestnes Energi eig 63,5 % av aksjane i Nordvest Nett AS (resterande er eigd av Ørskog Energi som er eigd av kommunane Ålesund og Fjord)
Formål
Å eige og drifte distribusjonsnettet for straum i sitt konsesjonsområde, og sikre god leveringskvalitet på straumforsyninga til sine kundar. Kvaliteten skal sikrast gjennom effektiv drift, godt vedlikehald og rasjonell utbygging som er tilpassa noverande og framtidige behov. Selskapet skal også søke å nytte dei moglegheiter som ligg i å engasjere seg i annan infrastruktur der ein kan oppnå positive synergieffektar mot nettdrift. Elles kan selskapet ha gjeremål og vere ein aktør innan energiproduksjon og kraftomsetnad, samt alt som står i samband med dette og som kan styrke selskapets økonomi og inntening. Selskapet kan også utøve aktivitet innan investering i og utvikling av fast eigedom, drive utleige av eigedom samt alt som står i forbindelse med dette, i tillegg også deltaking i selskap med tilsvarande aktivitet.
Styre og generalforsamling
Generalforsamling: Vestnes kommunestyre.
Styret består av 3 medlemmar og 3 varamedlemmar.
Marknads- og juridisk informasjon
Årsmelding
Årsberetning 2022 (PDF, 932 kB)
Eigar og eigarandel
Vestnes kommune: 100 %
Formål
Å drive med produksjon, produktutvikling, tenesteytande arbeid, salsverksemd og anna næringsverksemd og det som måtte stå i samanheng med dette, som skal gi grunnlag for sysselsetting og personleg utvikling av yrkeshemma etter funksjonsnivå.
Styre og generalforsamling
Generalforsamling: Vestnes formannsskap.
Styret består av 5 medlemmar og 3 varamedlemmar.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Selskapet har 14 eigarar. Dei 5 største eigarane er: Molde kommune (42,82 %), Møre og Romsdal fylkeskommune (30,97 %), Rauma kommune (11,34 %), Hustadvika kommune (5,73 %) og Vestnes kommune (4,68 %).
Formål
Å fremme mennesket sine moglegheiter i arbeid og bidra til å løyse samfunnsutfordringar.
Astero AS er ein arbeidsmarknadsbedrift som gjennom næringsverksemd skal legge til rette for arbeidssøkjar med behov for bistand og ønske om å kome ut i ordinært arbeid. Selskapet er leverandør av mekanisk skreddarsøm som verktøy og pedagogisk verkemiddel i gjennomføring av kurs, praksis og kvalifisering for arbeidssøkjar.
Styre og generalforsamling
Ordføraren representerer Vestnes kommune i generalforsamlinga. Generalforsamlinga vel eigen valkomité til å førebu val til selskapet sitt styre
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Aksjekapital: 1,86 mill. kroner
Vestnes kommune sin eigarandel er 1,67 %.
Dei tre største aksjonærane er Molde kommune (39,5 %), Sparebank 1 SMN (21,5 %) og Sparebanken Møre (10,5 %).
Formål
Utvikling av vår regionale flyplass Molde lufthavn Årø for å styrke tilbodet til næringsliv og innbyggarane i regionen.
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Formål
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Eigar og eigarandel
Formål
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Eigar og eigarandel
Formål
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Eigar og eigarandel
Formål
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Eigar og eigarandel
Aksjekapital: 1,025 mill. kroner
Vestnes kommune sin eigarandel er 2,44 %
Formål
Styrke regionen gjennom å utvikle Ålesund lufthamn Vigra til beste for innbyggarane og næringsliv. Selskapet sitt fokusområde er styrking av rutetilbod med særskilt fokus på ruter til utlandet, flyplassrelatert infrastruktur og tilbringarteneste. Selskapet skal vere en pådrivar for berekraftig grøn transport. Føretaket har ikkje-økonomisk formål og eventuelle overskot blir tillagt eigenkapitalen for vidare realisering av formålet. Utbytte kan ikkje utbetalast. Ved sletting av enkeltaksjar skal kapitalen ikkje bli utdelt, men overførast til selskapet for realisering av formålet. Ved oppløysning eller avvikling av føretaket skal attståande kapital overførast til selskap, institusjon eller organisasjon som har eit tilsvarande eller liknande formål
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Aksjekapital: 7,4 mill. kroner
Vestnes kommune sin eigarandel er 0,76 %
Formål
Formålet med selskapet er å realisere eit ferjefritt samband over Romsdalsfjorden/Midfjorden, samt knytte kommunane Aukra og Midsund til fastlandet. Herunder finansiering av prosjektet, innkreving av ev. bompeng og alt som står i samband med dette. Selskapet skal også kunne vere ansvarleg ved evt. søknad om og innkreving av bompeng via ferjebilletten på sambanda Molde - Vestnes og Mordalsvågen - Solholmen for opprusting av E39 på strekninga Molde - Midsund - Vestnes, samt på sambandet Hollingsholm - Aukra for finansiering av bruene og sambandet mellom Aukra og Midsund.
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Formål
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Eigar og eigarandel
Fjord (2,42 %), Giske (8,04 %), Stranda (4,3 %), Sula (8,84 %), Sykkylven (7,24 %), Vestnes (6,2 %) og Ålesund (62,95 %)
Formål
Selskapsavtalen §3: ÅRIM utfører kommunane sine lovpålagde oppgåver innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall frå hushald og slam frå mindre avløpsanlegg i samsvar med sentrale og lokale miljømål.
- ÅRIM kan gje eit tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk forsvarleg.
- ÅRIM har einerett frå kommunane til å sikre tømming av slam frå mindre avløpsanlegg der utløpet er knytt til offentleg avløpsnett.
- ÅRIM tek over eigarskapet til, og ansvaret for disponeringa av avfallet og slammet så snart det er henta inn eller levert gjennom dei avfallsordningane som er oppretta.
- Medlemskommunane fastsett likelydande forskrifter om avfall og slam i Ålesundregionen. Selskapet får her mynde til å ta avgjerd i enkeltsaker.
- ÅRIM skal vere eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane drive eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og meir miljøvenleg avfallsbehandling.
- ÅRIM skal legge vekt på miljøvenleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga.
- ÅRIM skal ha kostnadseffektiv drift.
- ÅRIM avgjer i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap, eller private næringsdrivande.
- ÅRIM kan søkje samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg, og selskapet kan vere eigar eller medeigar i andre selskap.
- ÅRIM skal utføre eventuelle andre oppgåver som kommunane er samde om at selskapet skal utføre.
Roller og styringsinformasjon
Representantskapet er ÅRIM sitt øvste organ, og kvar kommune har ein representant, bortsett frå Ålesund som har sju. ÅRIM har sju faste styremedlemmar.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Vertskommunesamarbeid
Vertskommunesamarbeid er eigna når to eller fleire kommunar ønsker å samarbeide om lovpålagte oppgåver og utøving av offentleg myndigheit. Det er det to typar samarbeid: administrativt vertskommunesamarbeid (§ 20-2) og vertskommunesamarbeid med felles folkevalt nemnd (§20-3).
Administrativt vertskommunesamarbeid inneber at vertskommunen skal utføre oppgåver og treffe avgjerder etter delegert mynde frå samarbeidskommunane i enkeltsaker som ikkje er av prinsipiell betydning.
Vertskommunesamarbeid medfører at ansvaret for å løyse oppgåver og treffe avgjerder blir overført frå ein kommune til ein annan, men det blir ikkje oppretta noko eige rettssubjekt. Oppgåvene blir samordna i vertskommunen sin organisasjon.
Deltakarkommunar
Aukra, Hustadvika, Gjemnes, Molde, Rauma og Vestnes. Vestnes kommune betalar for ein skuleplass (av totalt 16).
Møre og Romsdal fylkeskommune har avtale om abonnering på eit fast tal av skule- og internatplassar.
Formål
Tøndergård skole og ressurssenter er ein interkommunal forsterka skule som gir opplæring til barn og unge med ulike typar lærevanskar.
Roller og styringsinformasjon
Representantskapet og styret består kvar av ni medlemmar, eit medlem frå kvar av eigarkommunane.
Det er kommunestyret i Vestnes kommune som vel kommunen sitt medlem og varamedlem.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Deltakarkommunar
Molde (64,5 %), Rauma (14,2 %), Vestnes (14,1 %) og Aukra (7,1 %).
Molde kommune er vertskommune.
Frå 2023 er også Hustadvika med som deltakarkommune.
Formål
ROR-IKT skal ivareta deltakarkommunane sine oppgåver knytt til drift, service, forvaltning og utvikling av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, samt inngåing og oppfølging av avtaler om kjøp av tenester og varer frå eksterne leverandørar innanfor dette området.
Roller og styringsinformasjon
Det er etablert eit styre beståande av kommunaldirektørar/administrasjonssjefar i dei fire kommunane.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Deltakarkommunar
Barnevernstenesta er ein interkommunal teneste for kommunane Molde, Aukra og Vestnes, med Molde som vertskommune.
Formål
Sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig heilskapleg hjelp og omsorg til rett tid, og bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
Roller og styringsinformasjon
Barnevernsleiar har ansvar for rapportering og informasjonsutveksling
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Deltakarkommunar
Giske, Hareid, Herøy, Fjord, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund. Ålesund er vertskommune.
Formål
Akuttmedisinforskrifta inneheld krav til ei robust legevakt og til forsvarleg drift. Felles interkommunal drift av legevakt gjer det mogleg å få til ei betre utnytting av personell, betre kvalitet på tenesta og betre økonomi. Samarbeidet omfattar tenesteområdet legevakt, legevaktsvarsling og vald i nære relasjonar.
Roller og styringsinformasjon
Styringsgruppe med 1 representant frå kvar samarbeidskommune. Vertskommune deltek med minst ein representant frå kommunen sin administrasjon i tillegg til verksemdsleiar. Det er og etablert et fagråd og et samarbeidsutval, kor det bli avhald møte minst ein gong i året.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Interkommunalt politisk råd (IPR) og kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Denne type selskapsform kan behandle saker som går på tvers av kommune- eller fylkesgrensene. Selskapet kan ikkje bli gitt mynde til å treffe enkeltvedtak. Likevel kan det bli gitt mynde til å treffe vedtak om interne forhold i samarbeidet og til å forvalte tilskotsordningar.
Den enkelte deltakar har uavgrensa økonomisk ansvar for sin del av selskapet sine forpliktingar.
Eigar og eigarandel
Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes. Alle kommunane har lik eigarandel.
Formål
Romsdal IPR skal gjennom samhandling bidra til positiv utvikling for Romsdal og i medlemskommunane. Rådet skal vere aktiv pådrivar og arbeide strategisk med samfunnsutvikling i regionen. Rådet skal:
- Fremme medlemskommunane sine interesser i regional- og nasjonal samanheng
- Ta opp saker av felles interesse for medlemskommunane
- Ha fokus på utvikling av ein attraktiv bu- og arbeidsregion som lykkast med auka tilflytting og rekruttering
- Arbeide for samferdselsløysingar som utviklar større felles bu- og arbeidsregionar i fylket, samt bidra til auka konkurransekraft til næringslivet gjennom redusert reise- og transporttid
- Vere pådrivar for å betre rammevilkåra for næringslivet i regionen
- Arbeide for utvikling av eit godt regionalt sjukehustilbod, inkludert pådrivar for forbetringsarbeid i grensesnittet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta
- Bidra til å sette klima og berekraft på dagorden i medlemskommunane
- Initiere og følge opp ulike interkommunale prosjektsamarbeid
- Arbeide for å fremme det kulturelle fellesskapet i medlemskommunane.
Rolle og styreinformasjon
Representantskapet er regionrådet sitt høgste organ, og består av ordførarane i deltakarkommunane
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Molde, Vestnes, Rauma, Aukra og Hustadvika.
Formål
RIUA skal ivareta kommunane si beredskaps- og aksjonsplikt i forhold til akutt forureining. Akutt forureining inneber(forurensningsloven §§ 43 – 47): ➢ Forureining som har betydning ➢ Forureining som kjem plutseleg ➢ Forureining som ikkje er tillate med heimel i lov.
Roller og styringsinformasjon
RIUA blir leia av eit representantskap der kvar av kommunane har ein representant. Representantskapet vel styret i RIUA som består av sju representantar. Brann- og redningssjefen i vertskommunen er fast leiar av styret. Brann- og beredskapsleiarane har vore kommunane sine representantar.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Aukra, Hustadvika, Gjemnes, Molde, Rauma, Sunndal og Vestnes. Alle kommunane har lik eigarandel.
Formål
Å utvikle og utføre tenester knytt til saksførebuing, utredning og oppfølging av saker til kontrollutvala, samt andre tenester som naturlig fell saman med dette.
Styre og generalforsamling
Sekretariatet er direkte underordna kontrollutvala i dei samarbeidande kommunar og skal følge de retningsliner og pålegg som utvala gir
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Interkommunale selskap (IKS)
Interkommunale selskap (IKS) er eigd av fleire kommunar i fellesskap. Eit interkommunalt selskap er eit eige rettssubjekt som rettsleg og økonomisk er skilt frå deltakarkommunane. Eit særtrekk ved interkommunale selskap er at kvar av deltakarane har avgrensa ansvar for selskapet sine forpliktingar, etter ei fordeling nedfelt i selskapsavtalen.
IKS er meint som ein organisasjonsmodell for offentleg oppgåveløysing med eit visst forretningsmessig preg.
Eigar og eigarandel
Alle kommunane i Møre og Romsdal og fylkeskommunen. Vestnes kommune eig 2,1 % av selskapet.
Formål
Selskapet skal arbeide for at arkivmateriale frå medlemmane eller slikt materiale som desse tar ansvar for, blir tatt vare på og gjort tilgjengeleg for offentleg bruk, forsking og andre administrative og kulturelle formål, i samsvar med arkivlova.
Roller og styringsinformasjon
Kvar medlemskommune vel ein representant med vara til representantskapet, som er selskapet sitt øvste organ. Representantskapet vel en valkomité som førebur val av styre. Styret skal ha fem medlemmar og styreleiar, nestleiar, medlemmar og varamedlemmar blir valt av representantskapet for fire år.
Representant for Vestnes kommune for perioden 2023-2027:
Fast representant: Reidun Bjølverud
1. vara: Rune Håseth
2. vara: Ole Aksel Øveraas
Årsmelding
Representantskap 2023 med årsmelding
Eigar og eigarandel
Aukra, Hustadvika, Rauma, Vestnes og Molde, samt Møre og Romsdal fylkeskommune. Alle eigarar har lik andel i selskapet
Formål
Selskapsavtalen §2: Selskapet sitt verkeområde er avgrensa til prosjekt/tiltak som eigarkommunane har nytte av. Selskapet har som formål å medverke til utvikling av Molderegionen gjennom:
- Det blir en attraktiv region som tiltrekker seg kompetent arbeidskraft.
- Fysisk infrastruktur
- Forsking og utvikling
- Tilrettelegging for næringsutvikling/samfunnsutvikling
- Vidareutvikle Nyhama i Aukra til gassknutepunkt for Norskehavet Støtte frå selskapet kan gjevast i form av tilskot, ansvarleg lån eller aksjekapital ved bruk av grunnkapitalen og tilskotet frå eigarkommunane. Bedriftsrett tiltak kan ikkje støttast. GassROR IKS skal bidra til ei effektiv og samordna leiing av interkommunale/regionale tiltak innafor selskapet sitt verkeområde
Roller og styringsinformasjon
Representantskapet er selskapet sitt øvste organ. Til representantskapet vel kvar medlemskommune ein representant med personleg vararepresentant, med unntak av Aukra kommune som vel to representantar med personlege vararepresentantar. Sjå lenke for meir informasjon : www.gassror.no - Representantskapet
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes. Vestnes kommune sin eigarandel er 12 %.
Formål
Formålet er å ivareta og samordne den kommunale hamneverksemda i samarbeidsområdet. Hamnevesenet skal saman med andre interesser bidra til eit konkurransedyktig og kostnadseffektivt hamnetilbod, og for ei tilrettelegging av infrastruktur som sikrar best mogleg forbinding mellom sjø- og landtransporten i samarbeidsregionen. Hamnevesenet skal ivareta dei administrative og forvaltningsmessige oppgåver som ligg til dei samarbeidande kommunane etter hamne- og farvannslova og anna lovgiving som gjelder hamnesektoren. Hamneanlegg og areala skal bli disponert med sikte på ein best mogleg samla ressursutnytting. For å oppretthalde og vidareutvikle den kommunale hamneverksemda i samarbeidsområdet og verksemda sitt trafikkgrunnlag, kan hamnevesenet engasjere seg i hamnetilknytt verksemd som blir betrakta som hensiktsmessig og fordelaktig for dei samarbeidande kommunane sine hamneinteresser.
Roller og styringsinformasjon
Selskapet sitt øvste organ er Hamnerådet. Hamnerådet består av 8 representantar, kor Vestnes kommune har ein representant med vararepresentant. Hamnerådet konstituerer seg sjølv og vel leiar og nestleiar. Styret består av 7 medlemmar med personlege varamedlemmer som blir valt av hamnerådet.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Aukra (5 %), Gjemnes (3,6 %), Hustadvika (18,2 %), Rauma (10,3 %), Sunndal (9,8 %), Vestnes (9 %), og Molde (44,1 %).
Formål
Selskapet sitt formål er å gje eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Unntaksvis kan selskapet også kunne gi moglegheit for nødrettsplassering av barn for politi og barnevernsteneste i eigarkommunane.
Roller og styringsinformasjon
Representantskapet er selskapet sitt øvste organ og har 11 medlemmar, kor eitt medlem med vara er valt av Vestnes kommune. Kommunestyret vel kommunen sine medlemmar og varamedlemmar. Styre består av sju personar, kor ein av dei blir valt blant dei tilsette. Eigarkommunane innstiller ein person med varamedlem kvar. Representantskapet vel valkomité som førebur val av leiar, nestleiar og styremedlemmar med vara.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Giske, Fjord, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund. Alle kommunane har lik eigarandel.
Formål
Selskapsavtalen §3: Sunnmøre Regionråd er eit felles organ for deltakarkommunane. Selskapet har som målsetting å bidra til ei positiv utvikling i regionen samla og i deltakarkommunane. Selskapet skal vere ein aktiv regional pådrivar med vekt på regional samfunnsutvikling og næringsutvikling og interkommunalt samarbeid. Selskapet skal drive med regional strategiutvikling, vere ein regional utviklingsaktør og fremje saker som utviklar regionen. Sunnmøre Regionråd skal vektlegge offentleg partnarskap og partnarskap mellom kommunar og næringslivet, vere ein arena for samhandling på Sunnmøre med vekt på regional utvikling, nærings- og kompetanseutvikling, regionale rammevilkår og samferdsel og vere eit bindeledd mellom politikk, næringsliv, utdanning, helse og andre regionale og statlege styringsorgan.
Roller og styringsinformasjon
Representantskapet er Sunnmøre Regionråd IKS sitt høgste organ, og består av ordførarane i deltakarkommunane. ➢ Representantskapet vel eit styre på 7 medlemmar og 5 varamedlemmar
Namn på styremedlemmar og varamedlemmar sjå følgjande lenke: Organisering - Sunmøre Regionråd
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Samvirkeføretak (SA)
Eit samvirkeføretak inneber ei samanslutning med hovudformål å fremme medlemmene sine økonomiske interesser ved at desse deltek i føretaket si verksemd enten som forbrukar, leverandørar eller på annan liknande måte. Samvirkeføretak er basert på medlemskap, ikkje eigarskap. Hovudprinsippet er at dei som dreg nytte av verksemda også skal ha styring med den og ta del i eventuelt overskott. Ingen av medlemmane ber personleg ansvar for føretaket sine forpliktingar.
Eigar og eigarandel
Møre og Romsdal revisjon SA består av 20 deltakarkommunar på Nordmøre, i Romsdal og Nordre Sunnmøre, samt Møre og Romsdal fylkeskommune. Vestnes kommune sin eigarandel er 3 %.
Formål
Selskapet sitt formål er å styrke revisjonen sin uavhengigheit, kvalitet og effektivitet. Selskapet skal sikre medlemskommunane ein heilskapleg revisjon i eigen regi, og selskapet har ikkje erverv som formål. Selskapet skal utføre all lovpålagte revisjon og selskapskontroll for deltakarkommunane. I tillegg kan selskapet utføre andre revisjonsoppdrag, rådgiving og andre tenester for dei same. Selskapet kan også utføre revisjon og rådgiving for andre selskap, stiftelsar, foreiningar, kyrkjeleg fellesråd, menighetsråd, andre verksemd og kommunar m.v. kor lov eller forskrift gir kommunerevisor/selskapet heimel til å utføre denne tenesta.
Roller og styringsinformasjon
Styret blir valt av årsmøtet.
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
Eigar og eigarandel
Formål
Styre og generalforsamling
Årsmelding
Årsmelding 2022 (lenke)
- Vestnes Vassverk SA
- Tresfjord Vassverk SA
- Tomrefjord Vassverk SA
- Fiksdal Vassverk SA
- Rekdal?
- Vågstranda?