Barn med behov for spesialpedagogisk hjelpBarn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom det har særlege behov for det. Dette gjeld uavhengig av om det går i barnehage. Formålet Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale ferdigheiter. Spesialpedagogisk hjelp kan gis til barnet individuelt eller i gruppe. Hjelpen skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen. Les meir i Lov om barnehager (Barnehageloven) - Kapittel VII Spesialpedagogisk hjelp, tegnspråkopplæring m.m Kven har rett på spesialpedagogisk hjelp? Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særleg behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Krav til barnehagen Før eit barn blir tilvist til PPT må barnehagen vurdere om barnet kan få hjelp innanfor det allmennpedagogiske tilbodet først. Dersom barnet framleis ikkje har tilstrekkeleg utbytte av tilbodet, skal barnehagen kontakte PPT. Dette skjer i samråd med foreldra/føresette. Slik får du hjelp Når foreldre/føresette ber om spesialpedagogisk hjelp til barnet sitt har kommunen plikt til å sikre at PPT utarbeider ei sakkunig vurderin - sjå lenke til PPT og at kommunen fattar vedtak. Kostar det noko? Tilbodet er gratis. Korleis kan eg klage? Klage på enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Du har rett til rettleiing frå kommunen og du har rett til innsyn i dokumenta.Klagen skal grunngjevast og sendast til:Vestnes kommuneBrugata 106390 VESTNESeller til postmottak@vestnes.kommune.no Formannskapet er kommunen sitt faste klageorgan der det ikkje er ekstern klageinstans (t.d. Statsforvaltaren). Sist endra 23.08.2024 14.51