Fiksdal barnehageFiksdal barnehage ligg fint til med skog og fjøre som næraste nabo, noko som gir oss mange flotte turopplevingar. Me har ein stor inngjerda leikeplass som byr på variasjon når det gjeld både vegetasjon og leikeapparat. I tillegg til eit flott uteområdet å leike på har barnehagen ei stor «garasje» som er innreia for aktivitet og leik for barn. Her kan barna få veksle mellom såkalla uteleik og inneleik og få varma seg på kalde dagar. I tillegg har barnehagen eigen gapahuk og bålpanne. Dette gir eit godt grunnlag for mykje fin uteaktivitet i all slags vær. Barnehagen er lokalisert sentralt i bygda med Fiksdal Friskule som næraste nabo og med kort veg til matbutikk. Skulen og barnehagen har eit tett og nært samarbeid. Barnehagen nyttar seg mellom anna av gymsal og legg til rette for besøk og aktivitet på tvers av barnehagen og skulen. Barnehagen sitt arbeid vert planlagt ut frå viktige styringsdokument som Rammeplan for barnehagen, Lov om barnehagar og barnehagen sin eigen årsplan. Aktivitet/innhald kjem fram av eigne planar og dokumentasjon som vert delt av pedagogiske leiarar. Visjon "Ein trygg stad for trivsel, leik og læring". I vår barnehage er leik, glede og humor sterkt vekta. Fiksdal barnehage ønskjer å legge til rette for eit trygt og oversiktleg miljø både for barn, føresette og tilsette. Hos oss skal barna få moglegheit til å utvikle seg til den beste utgåva av seg sjølv. Organisering Bygget til Fiksdal barnehage er ikkje utforma til ein tradisjonell fleiravdelingsbarnehage. Fiksdal er slik definert som ein einavdelingsbarnehage for barn mellom 0-6 år, men organiserer seg i mindre grupper store delar av dagen. Dette for å kunne organisere og legge til rette for pedagogisk aktivitet for det enkelte barn etter alder og modning. Måten å organisere seg på vil derfor kunne variere noko frå år til år etter antal barn og alderskull. Dokument Informasjonsthefte (PDF, 547 kB) Kosthaldsplan (PDF, 200 kB) Sist endra 11.08.2023 00.24