Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Barnet kan gjerne ta med ein koseklut eller ein bamse i tilvenningsperioden eller
som må vere med i sovetida. Men seinare er det ikkje høve til å ta med seg eigne
leiker i barnehagen.
Syklar må settast utanfor barnehagen sitt gjerde.
Cd og bøker til fellesbruk er tillatt.
Grunnen er at vi vil at barna skal lære seg å dele med kvarandre. Inkludering i
fellesskapet er viktig i barnehagen. Vi ser at barn som har med eigne leike ikkje
får dette til.
Ein anna grunn er at vi ikkje vil ta ansvar for privatleike. Leikene kan bli øydelagt
eller komme bort. Kjøpepress er også ein faktor.
Er det unntak for regelen vil det vere informasjon om det på vekeplanen.
Vi ønskjer å gi barna gode opplevingar ute.
På vår og haust er det ein fordel med tynn dress i barnehagen. Når det er kaldt
og bles ute er det nødvendig med yttertøy av vindtett stoff utanpå strikka
plagg.
For små barn er det som regel gunstigare å bruke fleire lag med klede under
tynne ufora ytterklær. Det gjer det lettare å tilpasse påkledningen til veret.
Regnkle pustar ikkje og gjer at det ofte vert klamt og varmt å ha på seg.
Vår/sommar/haust – dress (parkdress) bør vere vassavstøtande og vindtett.
Vi ser helst at alle er i barnehagen til kl. 10, det er fordi vi har planlagde
aktivitetar og kan ta spontanturar frå kl. 10. Vi vil ha beskjed om nokon kjem
seinare, er sjuk eller av andre grunnar ikkje kjem i barnehagen.
Kl. 10 er barna i gang med ulike aktivitetar. Det kan vere veldig forstyrrande for
barna at aktiviteten må stoppe opp, fordi den vaksne må ta imot eit barn som
kjem, eller må starte aktiviteten på nytt for å få med seg alle barna.
Har vi oversikt over barnegruppa kl. 10, kan barn som ønskjer å kjøpe dag få
beskjed om det da.
Vi ønskjer å gi barna gode opplevingar ute!
Strikk under regnbukse og dress held buksebeinet nede, slik at føtene held seg
tørre sjølv om barna hoppar eller sett seg ned i søledammar/snø.
Todelt regntøy med høg bukse er det beste. Da kan man berre bruke regnbuksa
dersom det er vått ute. Husk regntøy skal ikkje vere for lite og det skal passe over
dressen.
Vinterdressen bør vere mjuk å ha på seg slik at barna får røre seg uhindra i
den. Strikk under foten eller ein god snølås må dressen ha. Unngå lause trådar
og faste hetter for dei kan fort sette seg fast. Sjå til at dressen er vid nok
rundt handledda slik at ein får vottane under mansjetten. Alle lause delar som
heng og sleng aukar faren for å hekte seg fast i noko. Sjå til at dressen er lang
nok, korte dressar glir fort over støvlane som da fort bli fylt med snø eller vatn.
Vi har tidlegare hatt seng inne på grupperomma for dei som vil det. Dette har
ført til at småbarn har hatt eit mindre rom på avdelinga. For at vi skal utnytte
arealet på avdelinga har vi valt å gi nye foreldre beskjed om at vi helst ser at
barna søv ute i vognene sine.
På veldig kalde dagar sett vi vognene inne.
Alle barn her søv veldig godt i vognene sine, dei som ikkje er vant til det frå før
kjem raskt inn i det under tilvenningsperioden.
- Det er ikkje høve til å dele ut bursdagsinvitasjonar i barnehagen. Dette gjeld også om ein inviterer alle barna på avdelinga.
- Barnehagen skal ha oppdatert telefonliste/mail-liste til dei foreldra som ønskjer å vere på ei ope liste tilgjengeleg for alle foreldra på avdelinga.
Barnehagen oppfordrar foreldre/føresette til å tenkje gjennom kven som vert invitert i bursdagar. Barna snakkar naturleg nok om ei bursdagsfeiring både før og etter feiringa. Å ikkje vere invitert vert svært sårt for det barnet/barna det vil gjelde for. Vi hensyn! Om ein av økonomiske og praktiske årsaker ikkje kan invitere alle på ei avdeling, så prøv å avgrense t.d berre jenter/gutar, jamnaldringar og liknande.
Sist endra 28.02.2023 08.35