Tomrefjord barnehageBarnehagen ligg i naturskjønne omgjevnadar der skogen strekk seg heilt inn på leikeplassen. Her får barna god boltreplass og variert terreng som byr til variert leik og aktivitet. Området ligg lunt til med gode solforhold og skugge ved behov.Det er kort veg til idrettshall som vert hyppig nytta. I tillegg har førskulegruppa tilbod om vasstilvenning i svømmehallen. Barnehagen har eit flott uteområde med leikeapparat som inviterar til fysiske utfordringar som passar alle barn. I «skogen» på uteområdet har vi eigen gapahuk med fyringsmoglegheiter. Inne på barnehagen sitt område har me både viltveksande og planta frukt og bær. Det er elles kort veg til både skog og fjøre som gir oss fine turopplevingar, noko barnehagen ofte nyttar seg av.Tomrefjord barnehage er oppteken av variasjon i innhald og aktivitet gjennom året og barna skal få vere med å medverke i eigen kvardag. Alle skal ikkje gjere alt, men alle gjer mykje. Barna skal få utfalde seg, oppleve meistring og glede seg over det å gå i barnehage.Vi har eit nært og godt samarbeid med Tomrefjord skule i høve overgangen frå barnehagen til skule. Meir utfyllande informasjon finn du i vår Lokale plan for overgang mellom barnehagen og skule.Barnehagen sine aktivitetar vert planlagt ut frå viktige styringsdokument som Rammeplanen for barnehagen, Lov om barnehagar og barnehagen sin eigen Årsplan. Aktivitet/ innhald kjem fram av eigne planar og dokumentasjon frå den aktuelle avdelinga. Visjon«Kvart augneblink tel»Alle møte mellom menneske i kvardagen tel. Det gjeld møter mellom barn, møte mellom barn og vaksne og møtet vaksne imellom. Alle dei møta er med på å skape oss som menneskeOrganiseringBarnehagen har to avdelingar, Blåklokka for barn 1 - 3 år og Marihøna for barn 3 - 6 år.Vi har totalt 48 plassar.DokumentInformasjonshefte (PDF, 543 kB) Lokal plan for overgang barnehage skule (PDF, 81 kB) Kostholdsplan Tomrefjord barnehage (002) (PDF, 200 kB) Slik har vi det Sist endra 01.07.2024 07.44