Plan for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen Innhald og søk Søk Søk Vis innhaldsoversikt 1 Plan for dei kommunale barnehagane i Vestnes 2 Verdigrunnlag 3 Forankring 4 Digitale verktøy 5 Mål 6 Progresjonsplan 7 Barn med særskilde behov 8 Nettvett – digital dømmekraft 9 Nettressursar/lenkjer Åpne dette nivå 10 Digitale verktøy i bruk 10.1 Bruk av "Thinglink" interaktiv storybord 10.2 Vi lagar eigne forteljingar med "Puppet Pals" 10.3 Vi studerar mark ved hjelp av digitalt mikroskpo 10.4 Vi studerar tanglopper ved hjelp av digitalt mikroskop 10.5 QR-koding av jordbærhagen 10.6 Frosken som blei levande 10.7 Vi gjenskapar teikningar frå papir til læringsbrett 10.8 Vi studerar sneglen i digitalt mikroskop 10.9 På tur med GoProkamera på hovudet 10.10 QR-koding i førskulegruppa 10.11 Sommarfest med QR-kode bingo 10.12 Eg lurer på ... kva er bak QR-koden? Til dokumentforside Last ned som PDF Førre kapittel Neste kapittel 5 Mål Mål for barna Barna skal oppleve glede, meistring og engasjement gjennom leik-, læring- og kreative prosessar med digitale verktøy. Barna skal oppleve progresjon knytt til bruken av digitale verktøy. Jf progresjonsplan. Dei skal få utfordringar i samsvar med alder og modning. Barna skal utvikle ei gryande etisk forståing knytt til digitale verktøy i barnehagen, dei skal oppleve å bli ivaretatt, verna og respektert i bruken av digitale verktøy. Sosiale skilnader skal utjamnast, og alle barn skal få sjangsen til å oppnå lik kompetanse. Dei skal bli rusta til å møte læringsbretta i skulen. Handling: Barna skal få bli kjende med dei digitale verktøya vi har i barnehagen, og sjølve få lov til å utforske dei med støtte av ein vaksen. Barna må få medverke i heile prosessen når vi arbeider med digitale verktøy, også redigeringsarbeidet. Slik vil barna sjølve få vere med å bestemme om eit produkt er godt nok eller ikkje. Lære å bli bevisste bildetakarar, spørje om lov og respektere eit nei. Få erfare at digitale verktøy er eit hjelpemiddel når vi utforsker, lærer og leiker. Sjå at digitale verktøy er eit supplement som kan berike aktivitetane i barnehagen. Barna skal sjølve få skape noko gjennom digitale verktøy. Mål for personalet Personalet skal: Sette seg inn i/skaffe seg grunnleggjande kunnskap om dei digitale verktøya ein har i barnhagen. Gi barna gryande etisk forståing og utøvande digital dømmekraft t.d. at passord er privat og at ein spør før ein tek bilde. Legge til rette for at barn utforskar, leikar, lærer og sjølve skapar noko gjennom digitale uttrykksformer. Utforske kreativ og skapande bruk av digitalt verktøy saman med barna. Vurdere om mediabruken er relevant og eigna, og delta i mediabruken til barna. Vere bevisst og sette ord på kva vi gjer i bruken av digitalt verkty i lag med barna. Utøve digital dømmekraft når det gjeld informasjonssøk, ha eit bevisst forhold til opphavsrett og kildekritikk og ivareta barna sitt personvern. Utarbeide felles forståing og praksis for kva som er greitt å legge ut på nett. Innføre nytt fagsystem – Visma Flyt barnehagae i august 2019 (lenke) Sikre god dialog med føresette via kommunikasjonsplattform. (Innførast august 2019) Førre kapittel Neste kapittel