Søke, endre eller seie opp barnehageplass

Vestnes kommune har samordna opptak. Det vil sei at ein søker via Visma Flyt Foresattportal uavhenging av kva barnehage ein søker. Barnehagerådgjevar koordinerar opptaket og gjer i samråd med styrarane vedtak om opptak.

Slik søker du barnehageplass

Du søker via Visma Foresattportal til alle barnehagane i kommunen. 

Informasjon om korleis du søker barnehageplass finn du her. (PDF, 187 kB)

Hovudopptak

Søknadsfrist for hovedopptaket er 1. mars kvart år.

Desse må søke til hovudopptaket:

  • barn som ikkje har barnehageplass
  • barn som står på venteliste og vil endre på søknaden
  • barn som har plass, men vil endre på plassen
  • barn som har plass, men som vil bytte barnehage

Dei som har fått barnehageplass har den til dei byrjar på skulen og treng ikkje søke på nytt.

Opptak gjennom året

Ein kan søke barnehageplass utanom hovudopptaket. Dette gjeld også dersom ein ønskjer å bytte barnehage midt i året. Elektronisk søknad må sendast inn og plassar vil då bli tildelt etter kvart som dei blir ledige. 

Endring av opphaldstid

Ønskjer du endring av opphaldstid søker ein via Visma Foresattportal.

Oppseiing

Ønskjer du å seie opp barnehageplassen gjer ein det via Visma Foresattportal.

Tilbod/opphaldstid ein kan velje mellom

Tilbod / opphaldstid ein kan velje mellom:
Type plass Antal dagar/timar
Heil plass Kvar dag (maks 45 timar pr veke)
Halv plass 2 dagar ei veke + 3 dagar ei veke (22,5 timar i snitt pr veke) Her finns det ulike variantar, avtal dette med den enkelte barnehage.
2 dagars Her finns det ulike variantar, avtal dette med den enkelte barnehage.
3 dagars 3 dagar pr veke (maks 27 timar pr veke)
4 dagars 4 dagar pr veke (maks 36 timar pr veke)

Vike Montessoribarnehage tilbyr:

  • Heil plass
  • 4-dagars plass
  • 3-dagars plass

Opningstider for alle barnehagane er 06.45 - 16.30, med unntak av Vike Montessoribarnehage som har opningstid 07:00-16:30.

Maksimal opphaldstid pr dag er 9 timar.

Kva kostar det?

Her finn ein oversikt over betalingssatsane for barnehage.

Retningslinjer for opptak

Kontakt

May Britt Lyngvær Skavnes
Barnehagerådgjevar
E-post
Telefon 90 52 58 06

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart