Vestnes brannvesenVestnes brannvesen er eit kommunalt dreve brannvesen. Beredskapen er basert på deltidsmannskap ved brannstasjonane i Tresfjord, Tomrefjord og på Helland.Hovudstasjonen til Vestnes brannvesen er på Helland, her har og feiarane sitt kontor og verkstad. Ambulansetjenesten i Vestnes har også base i same bygget.Vestnes brannvesen har til einkvar tid to personar i vaktordning. Sjåførvakta på vanntankbil og brannbefal har døgnkontinuerleg vakt, og rykker ut på alle hendingar saman med relevant stasjon.110-sentralen kallar ut næraste ledig ressurs når hendingar oppstår. Alle tre stasjonane i Vestnes er bemanna og satt opp med utstyr for å handtere brann og ulykker. Utover dette har vi utstyr til å yte støtte ved flom og andre naturbaserte hendingar.Følg Vestnes brannvesen på facebookVestnes brann- og ambulansestasjonVed hovudstasjonen er det 16 deltidsmannskap saman med sjåførvakt og befalsvakt. Ved stasjonen har vi beredskap mot dei vanlege hendingane som brann og ulykker, men også overflateredning og akutt forureining. For å håndtere akuttfasen av ein forureiningshending har vi eit depot med utstyr, og har utover det støtte fra Romsdal IUA. For redning i sjø og vatn har vi mannskap som har opplæring og utstyr til overflateredning. Næraste tilgjengelege redningsdykkarar vil komme frå Ålesund. Vi har også tilgjengeleg båt for redning og bistand på sjøen.Tomrefjord brannstasjonI Tomrefjord er det 14 deltidsmannskap som på lik linje med dei andre stasjonane har beredskap for brann og ulykker. Tomrefjord stasjon har også beredskap på hjertestartar. Ved stasjonen har vi to mannskapsbilar. Sist endra 03.12.2024 11.09